Hopp til innhold

"Maktå" har gått av med pensjon

Ho debuterte på scena på Rogaland Teater som lita jente i 1964. I dag blei Sally Nilsson pensjonist.

Sally Nilsson

Sally Nilsson har prega kulturlivet i Stavanger i fleire tiår. No takkar ho av.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det er veldig rart, og litt vemodig å tenka på, seier skodespelar og revyartist, Sally Nilsson.

Ho gjekk inn dørene på Rogaland Teater som 11-åring. Sidan då har ho fått folk til å le og grina i den eine førestillinga etter den andre.

Men i dag, på hennar 67-årsdag, blei ho offisielt pensjonist. Det blei markert på teateret.

– Dei sa nokre fine ord, eg fekk blomar, og den største kaka eg har sett på lenge. Då gjekk det opp for meg, at no Sally, er du pensjonert frå teateret.

Sally Nilsson hadde sin siste dag på Rogaland teater

Har spelt i tallause roller

I løpet av dei åra ho har vore på Rogaland Teater har ho hatt heile 75 roller. Men mange hugsar nok henne best frå rolla som Maktå i "Maktå på straen".

– Eg blei Maktå. Fire gonger spelte eg den rolla, då var det nok.

Men det er ikkje berre teateret som har vore hennar scene.

– Kor mange roller det har blitt til saman veit eg ikkje. Eg har jo vore overalt. Eg har vore i Egersund, Sogndalstrand, og i Haugesund. Og eg har spelt med Løgnaslaget og Show chow, og eg veit ikkje alt, ler Nilsson.

Sally Nilsson og Gretelill Tangen i «Maktå på Straen» på Stavangeren i 1997.

Frå humor til alvor

Ho er kjent for sin latter og si humoristiske side, men Nilsson har også spelt i fleire seriøse roller.

– Det har vore veldig bra å svinga mellom dei rollene. Dersom stykket er bra, instruktøren god, og du har gode medskodespelarar, då er det nesten det same kva du gjer. Å ha det godt når du jobbar med ein ting, det er det viktigaste, seier Nilsson.

Når ho no skal summera opp karrieren, har ho mange gode minner å sjå tilbake på, sjølv om ho ikkje kan svare heilt på kva som har vore høgdepunktet.

– Eg kan seia at det er nokre stykke som eg hugsar godt, og så har eg veldig mange gode minner.

Avskjedsførestilling i februar

Men no går altså den lange og varierte karrieren mot ein slutt. Og Nilsson må førebu seg på eit liv som pensjonist.

Då kan eg gjera akkurat som eg vil. Det er heilt fantastisk å tenka på.

Har du nokre planer?

– Nei, her tar me dag for dag. Så får me sjå.

Men nokre planar har ho. For heilt ferdig med scena er ho ikkje. Før jul blir det Ajax-førestilling, og i februar skal ho framføra soloførestillinga "Mitt liv som Sally", på teateret.

– Eg tek med meg førestillinga heim til teateret. Det blir herleg, for då blir ringen slutta. "Mitt liv som Sally" inneheld mykje av det som eg har gjort på scena.

– Det blir ei avskjedsførestilling, som det så fint heitar, avsluttar den ferske pensjonisten.

Her er noen høydepunkter fra karrieren