Hopp til innhold

Inviterte fengselsinnsette til teaterstykke om bankran

Rogaland Teater inviterte innsette hos Stavanger fengsel til teaterstykket «Kunsten å rane ein bank»: – Det betyr utruleg mykje, seier fengselsleiaren.

Kriminalomsorgen tar imot publikum fra fengsel til stykket Kunsten å rane en bank. Bussen hvor de kommer ut i fra til venstre i bildet

Kriminalomsorgsarbeidarar såg framsyninga saman med dei innsette og sørgde for tryggleik og vakthald.

Foto: Marte Skodje / NRK

– Vi har eit samfunnsoppdrag som er å vise teater til alle. Det er litt vanskeleg å ta teateret ut til fengselet, så derfor har vi invitert dei inn. Eg synest det er viktig å gi folk tillit og å ta imot.

Det seier informasjonssjef hos Rogaland Teater, Pernille Kaldestad. Fredag inviterte teateret fengselsinnsette til å sjå det nye stykket «Kunsten å rane ein bank».

– Har de tenkt på dobbeltbetydninga når de inviterer fengselsinnsette til eit stykke som heiter «Kunsten å rane ein bank»?

– Vi synest jo at Stavanger fengsel har utprega god humor. Då vi inviterte dei, sa dei omgåande ja. Dette er ein komedie som vi fann ut at var den rette førjulsframsyninga å invitere dei til.

Det var 10–15 innsette som fekk sjå stykket i teatersalen.

Kriminalomsorg-bånd på en betjent. I bakgrunnen sitter innsatte og følger med på stykket.

Stavanger fengsel har nyleg starta opp eit aktivitetsteam som har fokus på å aktivisere og finne på kjekke ting med dei innsette.

Foto: Marte Skodje / NRK

– Ei god oppleving

Ein av dei innsette fortel til NRK at det var kjekt å komme seg ut av fengselet.

– Det var veldig kult at vi fekk bli med på dette. Dagane i fengsel er for så vidt ganske like, med faste rutinar på alt vi gjer. Det å komme ut hit var ei god oppleving.

Dei innsette kom til teaterbygningen i Stavanger saman med nokre av dei tilsette ved fengselet.

– Det krev jo ein del tryggleik, det seier seg sjølv. Eg synest Stavanger fengsel er modige som tek med sine innsette på eit arrangement som dette, så all honnør til dei, seier informasjonssjefen i Rogaland Teater.

Fengselsleder Cathrine Bjåland Moseng i teatersalen.

Fengselsleiar Cathrine Bjåland Moseng rosar teateret og sine tilsette for å mogleggjere aktiviteten for dei innsette.

Foto: Marte Skodje / NRK

I salen sat også fengselsleiar Cathrine Bjåland Moseng, som seier slike aktivitetar betyr mykje for dei innsette.

– Dei har gledd seg veldig. Nokre av dei var i fyr og flamme då dei fekk beskjeden tidlegare i dag, fortel ho.

Ho understrekar at slike aktivitetar også betyr mykje i samanheng med samfunnsoppdraget til kriminalomsorga.

– Vi skal rehabilitere, og dette er ein viktig del av normalisering. Framsyninga var kjempegøy, og eg såg at dei innsette koste seg. Dei har humra, ledd og slappa av. At dei får ei fin oppleving, betyr mykje.

Var usikker på om fengselshumor fall i smak

For mange fengselsinnsette kan jul vere mindre lystprega enn for dei fleste.

– Det er jo ikkje til å stikke under stol at juletida kan vere veldig tøff. Det er ei sårbar gruppe menneske som sit i fengsel, og mange har ikkje berre gode minne frå høgtida. Då er det viktig å skape ein god atmosfære og gode minne for våre innsette.

Kunsten å rane en bank-plakat i Rogaland teater

Programpamfletten er forma som ein koffert med handjern hengande på.

Foto: Marte Skodje / NRK

Skodespelar Espen Reboli Bjerke speler mannen som er «hjernen» bak ranet som speler seg ut i stykket.

Kunsten å rane en bank skuespiller helprofil

Skodespelar Espen Reboli Bjerke.

Foto: Marte Skodje / NRK

– Dette er veldig spennande. Innsette skal få sjå framsyninga som handlar om eit mislykka bankran. Så får vi sjå om dei synest fengselshumor er gøy eller ikkje, sa han før framsyninga.

Den innsette NRK har prata med, stadfesta etterpå at humoren fall i smak.

Også Reboli Bjerke gjorde seg nokon tankar rundt den doble betydninga.

– Vi kjem jo med nokre påstandar om korleis det er å sitje i fengsel. Det har jo dei ein heilt anna erfaring med. Men det vi viser, er jo sett veldig på spissen, seier han.