Hopp til innhold

Sakna 12-åring funnen i Tyskland

Jenta som forsvann frå Stavanger førre veke, vart funnen att i Tyskland.

Sykler utenfor Tjensvoll skole

Det var torsdag førre veke jenta forsvann frå Tjensvoll skule i Stavanger.

Foto: Eirin Larsen / NRK

Torsdag 18. august forsvann ei tolv år gamal jente frå Tjensvoll skule i Stavanger.

Onsdag kveld, nesten ei veke seinare, meldte familien til jenta at ho var funnen og var i god behald.

Politiet kunne då ikkje bekrefte at jenta faktisk var funnen.

Klokka 14.28 torsdag opplyser dei i ei pressemelding at ho vart funnen i Tyskland.

– Ho er teken vare på og er saman med familie der, seier politifullmektig Fride Wirak til NRK.

– Ho vart funnen i Tyskland – veit politiet noko meir om hendingsgangen her?

– Nei, vi veit per no svært lite om kva som har skjedd. Vi har ikkje sjølv vore i kontakt med henne, so det må vi gjere for å få vite meir, seier Wirak.

Jenta skal vere hjå sine føresette no, framleis i Tyskland.

Les også Sakna 12-åring er funnen i god behald

Tjensvoll skole i Stavanger

Usikkert om det framleis er ei politisak

Det var tyske myndigheiter, politi, som har bidrege til at norsk politi no har bekrefta at jenta er hjå familien sin.

– Dette har jo vore behandla som ei sakna-sak, og vi er veldig glade for at ho no er funnen og er saman med familie. Det har vore vårt hovudfokus i dette, seier Wirak.

Fride Wirak, politiet

Politifullmektig Fride Wirak kan ikkje seie om der framleis er behov for ei politisak om hendinga.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Politifullmektigen seier at dei no vil kome til å avslutte sakna-saka, men vil ikkje sei meir om der vert ei vidare etterforsking.

– Vi må få vite meir for å sjå kva som eventuelt skal gjerast vidare med saka, seier Wirak.

– Men er det framleis ei politisak?

– Det er per no. Altso det er ei sakna-sak, og no er ikkje ho sakna lenger, so sakna-saka vil bli avslutta, svarar Wirak.

Bad om tips frå publikum

Måndag 22. august, fire dagar etter jenta forsvann, sende politiet ut namn og bilete og bad om tips i saka.

Dei prata med omgangskretsen og gjekk gjennom digitale spor, men jenta hadde lagt telefonen att heime.

Politiet fekk fleire tips i saka, nokre meir konkrete enn andre. 12-åringen var bekrefta sett på Bryne ettermiddagen same dag ho forsvann.

Ho vart torsdag kveld sett på Oslo Sentralstasjon. Dette hadde då politiet overvakingsbilete av.

Då familien onsdag meldte at jenta var funnen i god behald, fekk politiet vit om det gjennom sosiale medium. Det fekk NRK opplyst av operasjonssentralen då nyheita kom.