Hopp til innhold

Ofra nattesvevn for å redda katt

Tysdag kveld las kjærasteparet Kristine Isaksen og Kjell Inge Øglend om katten i Stavanger, som sat fast i eit høgt tre på andre dag. I løpet av natta fekk dei den ned og overlevert til eigaren.

Tysdag kveld las kjærasteparet Kristine Isaksen og Kjell Inge Øglend om katten i Stavanger, som sat fast i eit høgt tre på andre dag. I løpet av natta fekk dei den ned og overlevert til eigaren.

VIDEO: Her fortel paret om redningsaksjonen dei har vore ute på i natt.

Kristine Isaksen

Kristine Isaksen saman med katten etter redningsaksjonen i natt.

Foto: Privat

I går skreiv Stavanger Aftenblad om katten Nina, som sat fast 12 meter høgt oppe i eit tre i to dagar i Bjergstedparken i Stavanger. Brannvesenet har gjort forsøk på å få den ned utan hell.

Då Kristine Isaksen og Kjell Inge Øglend såg videoen av katten som sat i treet tysdag kveld, klarte dei ikkje å leggja seg i håp om at brannvesenet skulle lukkast å få den ned onsdag morgon.

– Eg likte ikkje tanken på at den skulle stå oppe i treet i fleire timar før brannvesenet skulle prøva på ny. Eg såg på videoen at den var redd, seier Kristine Isaksen til NRK.

Heldt på heile natta

Ho reiste derfor saman med kjærasten frå Sola til Stavanger klokka tolv om natta, med seg hadde ho ein boks leverpostei.

– Eg hadde leverposteien oppi ei skål, og ropte på katten, fortel ho.

Brannvesenet sine forsøk har vore med lift, og katten har blitt så skremd at den har bevegd seg ut på dei tynne greinene. Noko som har ført til at oppdraga har blitt avlyste.

Kristine Isaksen sin nøkkel til suksess var ifølgje ho sjølv tolmod.

– Etter ein time kom katten halvvegs ned på treet, og etter to timar var den heilt nede, fortel ho.

Leverte katten tilbake til eigaren

Dei fekk katten inn i eit bur og oppsøkt eigaren. Klokka var fem om morgonen då dei endeleg kunne leggja seg på Sola igjen.

Når ho får spørsmål om kvifor ho ville strekka seg så langt for å redda denne katten, har ho ingen problem med å svara.

– Det er fordi eg elskar kattar.

Flere nyheter fra Rogaland