Hopp til innhold

Bendik planla russetida i fleire år. På dag to gjekk draumen opp i flammar

Eit par gnistar blei på få minutt til ein svær brann i russebussen. Alle kom seg ut frå bussen utan skade, men er djupt prega av hendinga.

Russebuss i full fyr

På berre få minutt stod ein heil russebuss i brann. Alle personar om bord vart evakuerte og ingen kom til skade.

Foto: Otto Leidland

Fredag starta russetida i Rogaland. Men på dag to skjedde det uverkelege for russegruppa «Fjellstua 2022» frå Eigersund.

For like før klokka 22 laurdag tok russebussen deira fyr ved Hellvik i Eigersund.

Ingen kom til skade i brannen, men bussen vart fullstendig utbrent.

Og russetida fekk fort ein brå stopp.

Fleire i sjokk

– Det er mykje rot i hovudet nå. Mykje kaos, seier ein prega Bendik Hammer.

Han er både russepresident på Dalane vidaregåande skule, og bussjef på «Fjellstua 2022» som gjekk opp i flammar.

Bendik Hammer er russesjef på Dalane vidaregåande skule og bussjef på russebussen som brann i Hellvik.

Russebuksa til Bendik Hammer har eit strykemerke der det står «Du er ikke russ uten buss». I helga blei russetida han har førebudd lenge ruinert på få minutt.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Dei fleste var i sjokk. Eg, blant anna, begynte å gråte. Andre reagerte på andre måtar. Det er ikkje lett å vite korleis ein skal reagere.

På laurdag var russebussen på veg til eit russetreff i Stavanger. Men så langt kom dei aldri.

Fjellstua

Slik såg russebussen ut då den stod klar for russetida 2022.

Foto: Fjellstua

– Det gjekk ekstremt fort. Heldigvis gjekk det så godt som det gjorde. Det er berre materielle skadar, men det er framleis ekstremt trist at alt enda så fort, seier Hammer.

Kriseteam involvert

Ein russebuss til over ein million kroner gjekk tapt. Ein buss der timevis med dugnadsarbeid låg bak.

Ei russetid Hammer, og resten av gutane i bussen, har planlagt lenge.

– Meg og han andre bussjefen har to brør som var russ i 2016, og me har gledd oss sidan. Det har vore ei lang reise for å nå målet, og så røyk det så fort. Det er kjedeleg, seier Hammer.

Kommunens kriseteam vart fort involvert i saka, og har blant anna møte med både russen og foreldre i tilfelle dei treng å snakke om noko.

– Det har vore sterke inntrykk og då er det viktig at me støttar opp. Dette er ikkje kvardagskost for nokon. At det ein jobbar for går opp i flammar er nokså alvorleg, seier Askild Mong som leiar det psykososiale kriseteamet i Eigersund kommune.

Kunne ha enda tragisk

Det var ein observant bussjåfør som klarte å sjå nokre gnistar frå bakspegelen. Han stoppa midt i vegen og fekk evakuert ut alle på bussen. Berre få minutt etterpå stod heile bussen i flammar.

Laster Twitter-innhold

Otto Leidland, som er innsatsleiar hos brannvesenet i Eigersund, rykka ut til brannen laurdag kveld.

– Dette er den verste bussen eg har sett som har brunne ut, seier Leidland.

Otto Leidland, innsatsleder Brannvesenet i Eigersund

Innsatsleiar i brannvesenet i Eigersund, Otto Leidland, var på jobb laurdag kveld og seier dei kom fram til ein buss i full fyr.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Han seier det heile kunne ha enda tragisk, og er glad for at bussjåføren tidleg oppdaga at noko var gale.

– Det står om få sekund når det begynner å brenne i ein buss. Me var letta då me fekk melding om at alle i bussen var ute.

Varmespreiinga frå brannen var så stort at også terrenget rundt bussen stod i flammar.

Større fare for russebussar

– Er det større fare for brann i ein russebuss enn vanlege rute- og turbussar?

– Ja, det er klart. Russebussen blir brukt på ein heilt annan måte enn det rutebussar blir. Dei har meir brennbare materiale, er bygga om og har meir elektronikk, seier Leidland.

Materiale og drivstoff i køyretøy gjer også at det brenn fort og godt når dei først tar fyr.

Utbrent russebuss

Brannen gjorde enorme skadar på russebussen. I dag er det lite som vitne om korleis bussen ein gong var.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Både brannvesenet og politiet seier at mykje tyder på at brannen kan ha starta bak i bussen. Men førebels veit ikkje politiet noko om kva som har forårsaka brannen.

– Det er ennå tidleg i etterforskinga, og me har ikkje noko klart svar på kva som har skjedd, seier Marius Larsen som er fungerande avsnittsleiar for etterforsking i Eigersund.

Russetida er øydelagt

Nå er det berre forkola tre og inventar, og metall frå seta som er igjen av russebussen frå Eigersund.

– Dette er tragisk. Eg synest frykteleg synd på russen som har lagt inn mykje tid og energi på dette, seier innsatsleiar Lindland.

Heilt utbrent russebuss i Eigersund

Berre enkelte delar av russebussen «Fjellstua 2022» er igjen på utsida av bussen.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Kor stort tap det faktisk kjem til å bli for Bendik Hammer og resten av russebussen, vil kome fram etter etterforskinga.

– Men det blir ein del for å seie det sånn, seier Hammer.

Men sjølv om han meiner russetida er øydelagt, så er ho likevel ikkje over.

– Me har fine jenter her på skulen som prioriterer oss, og kompisgrupper i Stavanger og resten av Noreg som viser omtanke og støtte. Me får prøve å gjere det beste ut av situasjonen, og vere saman og ha det så kjekt som me kan.