Hopp til innhold

– For mange er det urealistisk å tru at dei skal bli heilt rusfrie og få A4-liv

I dag blei det kjent at Jan Oseland, som NRK følgde ut frå fengsel, har byrja å rusa seg igjen. Avdelingsdirektør på Stavanger universitetssjukehus, Randi Mobæk, seier det er viktig å setja seg små og realistiske mål når ein vil vekk frå rusavhengnad.

Jan Oseland

For fem månader sidan hadde Jan Oseland nett kome ut frå fengsel og hadde vore rusfri ei god stund (t.v.). I dag er han 30 kilo lettare og på køyret.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Randi Mobæk

Randi Mobæk er avdelingsdirektør ved Stavanger universitetssjukehus. Ho har lang fartstid innan rusomsorg.

Foto: Erik Waage / NRK

I slutten av april i fjor slapp Jan Oseland (51) ut frå Åna fengsel på Nærbø, etter å ha sont sin dom nummer 31. Han var proppa av pågangsmot og topp motivert for å bli rusfri.

Det gjekk greitt nokre dagar, men i dag har Oseland fortalt NRK om korleis sommaren har vore.

– Det er ikkje så veldig bra. Eg er tilbake i gamalt mønster. Framleis held eg meg vekke frå kriminalitet og fengsel, men det er lite glede i kvardagen, seier Jan om situasjonen sin.

Gamalt mønster betyr at han har byrja å rusa seg igjen, noko han var krystallklar på at han ikkje ville gjera då han nett hadde kome ut. Noko av skulda for at han har byrja igjen legg han på busituasjonen sin. Han bur i eit hus saman med mange andre rusavhengige. Eit hus han ønsker seg vekk frå.

– Alle har gode og dårlege dagar. Når eg har ein dårleg dag er det veldig lett for meg å få fatt i ting. Tilgangen her er svært god, seier han.

Ikkje alle kjem seg ut

Randi Mobæk er avdelingsdirektør ved Stavanger universitetssjukehus, sjølv kjenner ho ikkje Jan Oseland personleg, men ho har lang fartstid innan rusomsorg.

Mobæk meiner på generelt grunnlag at me må akseptera at ikkje alle klarer å koma seg ut av rusavhengnad.

– Me må faktisk det. Men det vil ikkje sei at det ikkje er håp eller at folk skal leva fæle liv. For folk kan få det betre i livet sitt og ha fleire kvite dagar, og me kan hjelpa til med å auka livskvaliteten.

Ho meiner nøkkelen for å koma på rett spor er små og realistiske mål.

– For mange er det urealistisk å tru at dei skal bli heilt rusfrie og få A4-liv. Ein bør setja meir realistiske mål, som til dømes å auka funksjonsnivået, jobba nokre dagar, halda på ein bustad, halda på gode rusfrie venar, halda på med ein fritidsinteresse, seier Mobæk.

Ikkje alltid systemet er godt nok

Avdelingsdirektøren høyrer godt etter når Jan fortel om livssituasjonen sin. Han meiner at han hadde hatt det betre om han ikkje budde i byen. Ifølgje Mobæk er dette noko som kan fungera for mange.

– Me ser ofte at det ikkje er lurt å bu saman med andre rusavhengige. For nokon er det nødvendig å koma seg vekk frå byen og miljøet dei har vore i for å få moglegheit til å endra seg, seier ho.

– Har me eit godt nok hjelpeapparat for folk som Jan, som kjem ut av fengsel og er motiverte for å slutta, så hamnar dei i eit hus saman med andre rusavhengige?

– Nei, me har ikkje alltid det. Derfor er det viktig at spesialhelsetenesta samarbeider med dei innsette under soning, og at dei samarbeider med helsetenesta i fengselet samt kriminalomsorga, seier ho.

Ho legg til slutt til at det er mange som faktisk kjem seg ut av rusen, og dersom ein gjer dei rette tinga er det mange fleire som kan lukkast.

Fengselsstraff skremmer ikke narkomane vinningskriminelle.
Sju av ti er tilbake bak murene kort tid etter løslatelse. Men få er så utholdende som 51 år gamle Jan Oseland fra Stavanger. Til sammen har han sittet 22 år i fengsel. I går slapp han ut etter å ha sonet sin 31. dom. Denne gangen er han fast bestemt på å greie å leve et liv utenfor murene.

VIDEO: Her er Jan for fem månader sidan, då han kom ut frå fengsel.

Flere nyheter fra Rogaland