Hopp til innhold

– Finst ikkje betre rus enn å vera nykter

Jan (51) prøver å legge fortida bak seg, men det er ikkje lett etter 35 år på køyret. Nå har han lagt seg inn til rusbehandling, og føler seg betre enn på lenge.

Jan er tilbake på rett spor

Vi møtte Jan Oseland i Stavanger sentrum – et sted som gjør ham urolig.

– Nå går det aldeles utmerka, seier Jan Oseland.

51-åringen har teke grep om sitt eige liv og lagt seg inn på avrusingsklinikken Juvåsen ressurssenter i Sand.

– Det er ein avrusings- og omsorgsinstitusjon, og der har eg vore i seks veker og trivst veldig godt med det, seier Jan.

Etter å ha vore rusavhengig i over tre tiår, føler han no at han er på veg mot eit betre liv.

– Eg fekk tilbod om plass på Juvåsen frå rehabiliteringsseksjonen i Stavanger. Det sa eg ja til, og det valet angrar eg ikkje eit minutt på at eg gjorde, fortel Jan.

– Dei har trua på oss

Kjærasten til Jan er på avrusingsklinikken saman med han, ho er godt nøgd med oppfølginga dei har fått der.

– Dei på Juvåsen er veldig positive til planane våre. Me får veldig gode tilbakemeldingar frå dei. Det verkar som dei har trua på oss, og det gjer noko med oss, seier Beathe.

Korleis er det å vera rusfri då?

– Det er ein rus i seg sjølv. Betre rus finst ikkje. Du blir jo ikkje dårlege ein gong, ler Beathe.

Ferdig med Stavanger

Jan og Beathe er på klinikken frivillig og i dag har dei reist til Stavanger for å møte hjelpeapparatet der.

Korleis er det å vera tilbake i byen?

– Eg tenker kva skal me her å gjera? Det er ein av dei siste gongene me er her. Det er berre noko me må koma oss igjennom, seier Beathe.

Er du ferdig med Stavanger?

– Eg håpar inderleg det. I Stavanger har eg mykje bagasje, så eg kjenner at eg vil prøve noko nytt, seier Jan.

På Juvåsen har dei faste måltid, klare rammer, og dei må levere urinprøve for å vise at dei er rusfrie.

– Du kan jo ikkje leve slik resten av livet?

– Eg må ta små steg om gongen. Ta dagsturar til Sauda til dømes, og byrje å venne meg til den verkelegheita som er utanfor Juvåsen, seier Jan.