Hopp til innhold

Han taklar best livet innanfor murane

Dei siste 33 åra har Jan Oseland (51) frå Stavanger flytta inn og ut av fengsel 31 gonger. Nå er fengselsfuglen nok ein gong fri.

Fengselsstraff skremmer ikke narkomane vinningskriminelle.
Sju av ti er tilbake bak murene kort tid etter løslatelse. Men få er så utholdende som 51 år gamle Jan Oseland fra Stavanger. Til sammen har han sittet 22 år i fengsel. I går slapp han ut etter å ha sonet sin 31. dom. Denne gangen er han fast bestemt på å greie å leve et liv utenfor murene.

– Eg fungerer godt med rutinane eg har her inne i fengselet, men eg fungerer ikkje på utsida.

Jan Oseland (51) frå Stavanger er i full gang med å vaska dusjane inne på Åna fengsel på Nærbø. Snart slepp han ut, men han har ein lei vane med å venda attende.

– Vanlegvis går det gale kort tid etter at eg har blitt lauslaten, noko som fører til at eg fort vendar attende til fengselet, seier han og fører moppen med stø hand over golvet, som han har vaska hundrevis av gonger før.

Jan Oseland

Jan Oseland (51) byrja å sniffa lim då han var 13 år gamal. Fredag slapp han ut av fengsel for førebels siste gong.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Jan har sona heile 31 fengselsstraffer sidan 1981. Samla sett har han sitte inne i 22 år av livet sitt, men ingen dommar har vore lengre enn den lengste på to år og ni månader. Frekvensen på fengselsdommar har teke av særleg dei siste åra.

Sidan byrjinga på 90-talet har han aldri vore på frifot lenger enn seks månader samanhengande.

– Å sitja i fengsel er noko eg kan. Du kunne sveist døra saman i eitt år framover, og det hadde ikkje bite på meg, forklarar han.

Son, far og bestefar

Då Jan var 13 år byrja han med å sniffa lim saman med dei eldre gutane. Lim blei til amfetamin, og det er stort sett kjøp og sal av narkotika som er årsaka til at han har hamna i fengsel. Den største prisen han må betala for denne livsstilen er den han betalar som far og bestefar. Det er om lag to år sidan han sist hadde kontakt med sonen og barnebarnet.

– Eg forstår fullt ut at han ikkje vil ha noko å gjera med meg. Eg har svikta han i alle år. På mange måtar har eg sjølv vald det, med tanke på rusen og den karrieren eg har i fengsel, fortel han.

Han har også dårleg samvit ovanfor foreldra sine, som har mista trua på han, men som ikkje har vendt han ryggen.

Artikkelen held fram under biletet.

Kort på veggen i cella til Jan Oseland

På veggen i cella til Jan heng kort han har fått av kjærasten.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK
Beathe Karin Skjørestad

Kjærasten til Jan, Beathe Karin Skjørestad, er sjølv narkoman. Ho slutta med heroin rett før påske.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Eg kjem frå ein god heim, og har aldri møtt stengde dører hos mor og far. Eg føler eg skuldar dei mykje.

Ønsker seg jobb

At Jan snart skal trekka inn den friske lufta på utsida av murane på Nærbø er noko som først og fremst fyller han med frykt. Mykje på grunn av at han denne gongen tenker at han skal bryta ut av det vante mønsteret sitt.

– Livet byrjar der komfortsona sluttar seier dei. Nå er eg 51 år og har fått nok. Eg vil gjera andre ting i livet, og er klar for å ta kampen, seier han.

Det er ikkje lett å tru på han. Det forstår han godt.

– Alle har nærmast gitt meg opp. Eg må få livet på rett kjøl. Det må bli slutt på krim og snusk og tull.

– Korleis skal du klara det?

– Det er ei stor utfordring, men eg skal vera aktiv i Røde Kors sitt nettverk etter soning, eg jobbar med eit prosjekt saman med ein fotograf og etter kvart håper eg at eg kan få ein tilrettelagt jobb, slik at eg kan fylla dagen med noko meiningsfullt, seier han.

Narkomane vinningskriminelle vendar tilbake

Dersom Jan skulle klara å halda seg ute, ville dette vore ei bragd. Statistikken har han i alle fall ikkje på si side. Sju av ti narkomane vinningskriminelle er attende bak murane kort tid etter lauslating.

Artikkelen held fram under biletet.

Jan Oseland og Beathe Karin Skjørestad

Jan og kjærasten Beathe utanfor bustaden deira i Stavanger. I til saman 22 år har Jan hatt bustadadresse i fengsel.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– 20 prosent av alle som slapp ut av fengsel i 2005 var tilbake i fengsel etter to år, seier Ragnar Kristoffersen, forskar ved Kriminalomsorgens utdanningssenter.

Han har likevel ikkje sett nokon med så mange tilbakefall over ei kort periode som Jan. Og det er ikkje berre i kriminalomsorga Jan har fått tilbakefall. Etter 14 månader med rusavvenning på Tyrili, sprakk han på bussen på veg tilbake til Stavanger.

Anne Kroken har i mange år vore advokaten til Jan, ho ønsker at han nå skal klara å koma seg ut av mønsteret han er inne i.

– Når Jan rusar seg kan han vera ein ivrig kriminell, men når han ikkje rusar seg er han ivrig med å finna ut kva han vil gjera for å koma seg ut av det. Me får håpa at han klarar det denne gongen, seier ho.

Kjærasten er støttespelar

Sjølv om mange har gitt opp Jan, er det ei som ikkje har gjort det. Beathe Karin Skjørestad (48) trur at kjærasten sin denne gongen skal klara å halda seg ute.

– Han skriv til meg heile tida, og han ringer meg. Denne gongen er han annleis, han er meir bestemt. Det verkar som om han har teke eit val, seier Beathe Karin, som ventar på at Jan skal flytta tilbake til ho i det kommunale huset der dei bur saman med andre narkomane i Stavanger.

Beathe er sjølv narkoman og har vore straffedømt 17 gonger. Nå er ho nesten klar til å ta imot sin kjære.

– Eg slutta med heroin for tre veker sidan, så eg trur me kan klara oss. Om eg ikkje er heilt i slaget når han kjem, gjer ikkje det noko. Eg plar sei at me fyller kvarandre ut. Eg rotar og han ryddar.

Under førre permisjon hamna Jan på køyret, men han rakk å forlova seg med Beathe. Håpet er at neste gong dei er på tinghuset, er det for å gifta seg, og at dommen blir livstid.

– Men om ein ser på rullebladet til Jan, er det vel mykje som tilseier at han kjem til å sprekka?

Åna fengsel, Nærbø

Åna fengsel ligg utanfor Nærbø i Hå kommune.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK
Jan Oseland

– Alle har nærmast gitt meg opp. Eg må få livet på rett kjøl. Det må bli slutt på krim og snusk og tull, seier Jan.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Rullebladet er ikkje Jan.

– Kva er det som er bra med Jan då?

– Jan er snill og omtenksam. Han er ein god mann.

Ut igjen

Lauslatinga nærmar seg, og Jan seier sjølv at han har vore rusfri heile fengselsopphaldet. Nå merkar han på kroppen at han snart skal ut.

– Eg kjenner at eg lev. Det kjem tankar om rus, men eg har stålsett meg, og har bestemt meg. Denne kampen skal eg vinna. Nok er nok, slår han fast.

Så kjem dagen. Tidleg om morgonen blir han henta utanfor fengselsporten av foreldra. Dei køyrer han til Beathe som tar i mot han utanfor huset. Dei klemmer kvarandre og kyssar kvarandre. Den tunge bagen blir slept opp alle trappene til rommet deira.

– Det gjer noko med meg å sjå dette rottereiret, seier Jan.

Dei sett seg i sofaen. Så byrjar kampen om å halda seg på matta.