Hopp til innhold

Rike britar betalar 2000 for «Donald-juletre»

Rike britar blar opp tusenlappar for juletre frå Ryfylke og andre plassar på Vestlandet. Det er ein ny type fjelledelgran som er på veg til å bli ei gullgruve for norske juletreprodusentar.

Ola Hagalid

Ola Hagalid viser stolt fram det han kallar «Donald-juletre». Britiske juletrekundar betalar over 2.000 kroner for eit slikt tre på det meste.

Foto: Magnus Stokka

Motorsaga får verkeleg svinga seg i juletrefeltet til Ola Hagalid på fjellgarden Hagalid i Hjelmeland om dagen. Og dei nye kundane hans i fasjonable Chelsea i London veit kva juletre dei skal ha.

– Du kan kalla det «Donald-tre», slike du ser i Donald-blad. Dei skal vera ganske vide og store, samanlikna med kva for eksempel fok i Stavanger vil ha, seier juletreprodusenten med eit lurt smil.

6.000 tre til utlandet

Det er ein ny type fjelledelgran, opphavleg frå Canada, juletreprodusenten kallar «Donald-tre».

300 slike skal til utlandet frå Hagalid denne sesongen. Totalt for salsselskapet Norsk Juletreservice er det snakk om 6.000 juletre til kundar i England, Tyskland og Austerrike.

Og sjølv om dette også inkluderer vanleg edelgran, er det den nye typen fjelledelgran som lokkar dei utanlandske kundane mest, ifølge dagleg leiar i salsselskapet, Mikal Hetland.

– Det er i grevens tid me kjem med noko nytt, fordi edelgrana har vore i mange år. Nå kan me presentera noko som marknaden vil ha.

Hagalid

Juletrea står tett i tett på Hagalid. Fleire av desse hamnar i år i utlandet.

Foto: Magnus Stokka

2000 kr for eit juletre

Britiske kundar betalar 150–200 pund for dei nye luksus-juletrea frå Norge. Det vil seia over 2000 kroner for dei dyraste. Men andre ord god butikk for juletreprodusentane.

– Det betyr alt. Det er dette me jobbar for heile tida, heile året. At me får selt trea til utlandet, er jo berre heilt suverent.

Mikal Hetland

Mikal Hetland, dagleg leiar i Norsk Juletreservice.

Foto: Magnus Stokka

Mikal Hetland supplerer:

– Og me som er juletrebønder opplever ikkje ofte at me helst får betre betalt i utlandet, enn i Norge. Det er det som er spesielt og som gjer at me satsar på dette.

Nordmenn vil ikkje ha «Donald-tre»

Kva betyr så det eventyrlege utanlandssalet for trea som blir ståande igjen til deg og meg på dei norske salsplassane i år? Ifølge juletreprodusentane er det ikkje noko problem. «Donald-tre» på 2,5 meter er nemleg i største laget for dei fleste norske stover.

– Når folk på torget ser eit typisk tre me nå sender til utlandet, seier dei det er flott, men for stort. Får dei eit nesten likt, men mykje smalare, er dei fornøgde. Smalt og tett er slik nordmenn vil ha trea, seier Ola Hagalid eller «Ola Julatre» som han blir kalla på folkemunne.