NRK Meny
Normal

Dette skal bli Norges juletreby

Jørpeland er kjent som preikestolbyen. Men nå tar ryfylkebyen mål av seg til også å bli landets juletreby.

Jørpeland sentrum

Minst 200 juletre skal skapa julestemning på Jørpeland i år. Men målet neste år er dobbel så mange tre, ifølge juletrebygeneral Kolbjørn Pedersen.

Foto: Strand kommune

– Her får me klynger med juletre, på grensa til å kunne kallast skog. Litt lenger nede får me rekker med tre, fortel ein engasjert sentrumsleiar og fersk juletrebygeneral for Jørpeland, Kolbjørn Pedersen.

Han står midt på toget i Jørpeland, som blir ein sentral plass for juletrebyen. For nå har handelsstand, næringsliv, juletreprodusentar og kommunen samla seg for å skapa norges juletreby. Pedersen meiner det er naturleg at Jørpeland får den merkelappen.

– Nøkkelordet er Ryfylke. Ryfylke er den største regionen med juletreprodusentar, i tillegg har me ryfylkebyen Jørpeland.

Målet er juletreby året rundt

Kolbjørn Pedersen

Juletrebygeneral Kolbjørn Pedersen inviterer til julebyen Jørpeland.

Foto: Magnus Stokka

Det er brukt 40-50.000 kroner på eit eige designbyrå (Léva Urban design) som nå har lagt fram korleis dei ser føre seg juletrebyen, og frå slutten av november skal minst 200 juletre setja sitt preg på Jørpeland sentrum. Målet er aktivitetar for store og små – gjennom heile året.

– I januar blir det NM i juletrekasting og me inviterer til juletremesse i mars.

Olav Ravnås i Bjørheimsbygd er med sine 5–600 mål med edelgran, landets største juletreprodusent. Den regjerande meisteren i NM for juletreprodusentar, applauderer for planane.

– Dette synst me er stas. Nå er det såpass mange produsentar i Ryfylke at dette var på sin plass, meiner han.

Ønsker å dobla neste år

Olav Ravnås

Juletreprodusent Olav Ravnås applauderer juletrebyplanane.

Foto: Magnus Stokka

Minst 200 juletre skal skapa julestemning på Jørpeland i år. Men målet neste år er dobbel så mange tre, ifølge juletrebygeneral Pedersen. Juletrebyen blir hundre prosent fri for plasttre.

– Er dette ein siste krampetrekning i kampen mot plastinvasjonen, Pedersen?

– Nei, på ingen måte. Me må berre vedkjenna at det er to typar tre, naturtre og plasttre. Me fokuserer på juletreprodusentane som har dette som sin arbeidsplass. Det er også eit miljøaspekt med dette gjennom CO₂-fangst og bruk av trestammen til ved og varme.

Juletrebyen Jørpeland opnar 25. november. Då blir rogalands flottaste juletre også kåra. Dei to finaste trea får delta på NM i Oslo.