Hopp til innhold

Her får elevane gaming på timeplanen

«Assassin's Creed» og «Battlefield» tar snart over delar av samfunns- og historieundervisinga på Revheim skule i Stavanger.

Gaming på Revheim (spelpedagog John Arne Gaard Nilsen og elev Lars Nærheim Vathne)

Den nytilsette spelpedagogen John Arne Gaard Nilsen gir 15 år gamle Lars Nærheim Vatne rettleiing i eit kommersielt dataspel.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Med kvit kamuflasjedress og ski på føtene prøver spelkarakteren til Jonas Reiher (15) å lista seg forbi tyske vakter. Året er 1943. Han er på Rjukan, og jobben hans er å sprenga ein viss fabrikk.

Det er slik delar av historieundervisinga på Revheim ungdomsskule i Stavanger blir framover, og Reiher liker det.

– Eg får sjølv oppleva korleis det kan ha vore å vera ute der i snøen, det er noko anna enn å lesa om det, seier han.

Battlefield

På dataskjermen ser me den sprengde fabrikken på Vemork. Revheim er den einaste skulen i landet som er med i EU-prosjektet «Flip2g», som ønsker å utforska nye former for pedagogikk. Skulen har saman med eit lokalt idrettslag fått pengar til gamingrommet frå Gjensidigestiftelsen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Gamingutstyr for fleire hundre tusen

I vinter blir gamingutstyr for opp mot ein halv million kroner installert i klasserommet. I dag testar dei med litt lånt utstyr frå universitetet, men 20 maskinar av topp kvalitet er på veg. Ifølgje Stavanger kommune blir dette det første gamingrommet i norsk grunnskule.

Revheim har også tilsett ein spelpedagog, som skal finna måtar å ta kommersielle dataspel inn i undervisinga.

– Det ligg såpass mykje positivt i gamingkulturen at me meiner det er heilt naturleg at fleire skular tar dette inn i undervisinga, seier rektor Eirik Jåtten.

– Det blir veldig bra for oss elevar. Det er ikkje heilt normalt at me får gama på skulen, for å seia det slik, seier Henning Eike Toft (14) i 9C.

– Mykje kunnskap i spel

«Battlefield V» kan læra elevane om andre verdskrigen. «This War of Mine» viser krigen i Jugoslavia frå dei sivile sitt perspektiv. I «Assassin's Creed» kan dei møta Michelangelo.

– Om du trur at kunnskap er det du får gjennom skule og lærebøker, går du glipp av mykje. Det ligg veldig mykje i spel, og eigentleg all populærkultur, seier den nytilsette spelpedagogen John Arne Gaard Nilsen.

Han trur timinga er god, sidan fleire har fått eit nytt syn på gaming etter at NRK fortalde den sterke historia om Mats.

– Sjølv gret eg då eg las historia, og eg trur fleire foreldre nå har fått ein augeopnar. Gaming er meir enn berre bomber og granatar, seier Gaard Nilsen.

Christoffer Netland Tonnesen (t.v.), Jonas Reiher og Henning Eike Tofte

Rektoren ved Revheim skule meiner også at gaminga er eit viktig tiltak for å få motivasjonen til gutane i skulen opp. Christoffer Netland Tonnesen (t.v.), Jonas Reiher og Henning Eike Tofte trur det vil funka.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Tungtvassaksjonen på Rjukan

Tilbake til Rjukan og 1943. I universet til spelprodusenten EA sitt «Battlefield» må Jonas Reiher ta sine eigne val. Dersom han vel å skyta, vil tyskarane oppdaga han, og historia endrar seg drastisk frå det som faktisk skjedde.

Ifølgje spelpedagogen er det her jobben hans blir viktig.

– I eit undervisingsopplegg om aksjonen er dette ei av fleire kjelder. Dersom elevane får samanlikna kjeldene og dei ulike framstillingane av historia, kan dei forstå det på ein heilt annan måte enn om dei berre pugga historieboka, seier Gaard Nilsen.