Hopp til innhold

– Utviklinga er urovekkande

Den er på WHO si liste over dei mest frykta antibiotikaresistente bakteriane i verda, nå får den fotfeste på fleire norske sjukehus. Bakterie-ekspert etterlyser betre handhygiene.

VRE på Stavanger universitetssjukehus

NOK EIT TILFELLE AV VRE: Denne prøven blei teken på Stavanger universitetssjukehus måndag 11. september, og tyder på at VRE-utbrotet i Stavanger framleis ikkje er over. Prøven til venstre gav grunn til mistanke om enterokokk, medan det som er lilla i prøven til høgre tyder på at det er snakk om Vankomycin resistent enterokokk.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Gunnar Skov Simonsen

Gunnar Skov Simonsen er sjef i NORM. Han meiner mellom anna at helsearbeidarar ikkje er gode nok på handhygiene.

Fleire norske sjukehus har den siste tida sett i verk strakstiltak etter såkalla VRE-utbrot på avdelingane sine. Førre veke blei det mellom anna kjent at seks kreftpasientar i Førde hadde blitt smitta av den antibiotikaresistente bakterien, men også i Kristiansand, Oslo og nå Stavanger har VRE-utbrot blitt varsla i år.

– Det er urovekkande at det breier slik om seg, dette er ein bakterie me absolutt ikkje ønsker som ein del av normalfloraen på norske sjukehus, seier sjefen for Norsk overvåkingssystem for antibiotikaresistens hos mikrobar (NORM), Gunnar Skov Simonsen.

Statistikken deira syner at det så langt i år har blitt registrert 257 enkelttilfelle av bakterien i 17 ulike fylke. Aller flest tilfelle er det i Bergen, der dei lenge har hatt problem med VRE.

På WHO si «mest-frykta-liste»

VRE står for Vankomycin resistent enterokokk. Det er ein tarmbakterie som er motstandsdyktig mot antibiotika-typane som er mest vanleg å bruke. Bakterien har vore lite vanleg i Norden, men er på verdsbasis ei stor utfordring.

Lars Kåre Selland Kleppe

Lars Kåre Selland Kleppe er konstituert smittevernoverlege ved SUS der dei i sommar har hatt sitt første VRE-utbrot.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

I februar i år presenterte Verdas helseorganisasjon (WHO) ei liste over resistente bakteriar, som utgjer den største risikoen for menneskehelsa. VRE er nummer fire på lista.

– Det handlar spesielt om at VRE er resistent mot veldig mange typar antibiotika, me har derfor ikkje så mange egna midlar å bruka ved infeksjon. Bakterien i seg sjølv er ikkje veldig aggressiv eller farleg, men hos dei med dårleg immunforsvar kan det vera ein betydeleg risiko ved infeksjon, seier Skov Simonsen.

Eit døme kan vera at pasientar som får cellegift eller har operert kan risikera at antibiotika-medisin ikkje fungerer dersom dei får infeksjon, noko som kan få fatale følgjer.

Fryktar at det blir ein vanleg bakterie

Ved Stavanger universitetssjukehus har dei i sommar hatt VRE-utbrot, der det er registrert 25 pasientar med VRE.

– Me har isolert pasientar og medpasientar og me har intensivert reinhald og desinfeksjon, ved eit tilfelle har me stengt ned for inntak. Tre pasientar fekk infeksjon, men desse klarte me å behandla likevel, seier konstituert smittevernoverlege ved Universitetssjukehuset i Stavanger, Lars Kåre Selland Kleppe.

Tidlegare har det vore enkelttilfelle av VRE, spesielt i 2011 då Haukeland universitetssjukehus hadde eit stort utbrot, men Skorv Simonsen liker ikkje utviklinga han har sett dei siste åra.

– Det er ikkje uventa at VRE dukkar opp frå tid til annan med tanke på at folk reiser mykje, men det me har sett dei siste åra er at me får såkalla utbrot på norske sjukehus. Dette er urovekkande fordi at det i ytste konsekvens kan bli ein vanleg bakterie hos befolkninga. Dei fleste vil då vera berarar, men enkeltpersonar kan få infeksjon, og det er då me er bekymra, seier han.

Vask hendene

Sjølv om det over heile verda blir jobba med nye måtar å ta knekken på VRE-bakterien på trur ikkje Skov Simonsen at ein kan forventa noko gjennombrot i nær framtid.

Han meiner at norske legar må vera strenge med å skriva ut antibiotika og helsearbeidarar må ha god hygiene. Eit område der han meiner det norske helsevesenet bør bli betre.

– Me veit at nokre grupper av helsearbeidarar reingjer hendene i knappe halvparten av dei tilfella der me vil tilråda vask eller desinfisering. Eg meiner det er eit ansvar me har ovanfor pasientane våre. Det hadde absolutt vore å ønska at me blei betre på dette.