Hopp til innhold

– Pasientar har krav på Fadervår

Ordførarkandidat for KrF meiner at alle bebuarar på sjukeheim har krav på at dei tilsette les Fadervår for dei. Det må den enkelte tilsette få avgjere, meiner SV.

Sjukeheimsprest Anna Dalaker og bebuar Åsa Nordgren

Sjukeheimsprest Anna Dalaker og bebuar Åsa Nordgren, etter at lysandakten er ferdig.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Vallogo

Det er tysdag føremiddag og 15 demente pasientar er samla til lysandakt på skjerma avdeling på Tasta sjukeheim i Stavanger. Alle dei 15 eldre som er til stades er demente og er i varierande grad i stand til å følge med på det presten snakkar om.

Lysandakt på skjerma avdeling på Tasta sjukeheim

Lysandakt på skjerma avdeling på Tasta sjukeheim.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Men mange kan litt av melodien og nokre verselinjer av salmane dei syng i lag, og med hjelp av seks-sju pleiarar og pianoakkompagnement blir det litt allsong ut av det.

Valg Rogaland 2015

Eitt av dei viktigaste elementa i andakten er at presten, Anna Dalaker, tenner eit lys for kvar enkelt av dei som er til stades. Då prøver ho å oppnå direkte kontakt med pasientane, og i fleirtalet av forsøka kan det sjå ut som det lukkast.

For lite religion på sjukeheimen

Ordførarkandidat for KrF i Stavanger, Bjørg Tysdal Moe, set stor pris på at tilhøva blir lagt til rette for andakt, bøn og salmesong på Tasta sjukeheim.

Bjørg Tysdal Moe

Bjørg Tysdal Moe meiner det er for lite vekt på religionen til bebuarane på fleire sjukeheimar i Stavanger

Foto: Arild Eskeland / NRK

Ho meiner at religion skal vera eit tilbod til bebuarar på alle sjukeheimar i kommunen, dersom dette var ein viktig del av livet til pasientane før dei kom på institusjonen. Men slik er det ikkje alle stader, seier ho.

– Eg har spurt pårørande som har hatt sine på sjukeheim, og dei har etterlyst det. Nokre stader skjer det, men andre stader så tenkjer leiinga at ein ikkje skal gå inn i livssynet til folk, at det er for privat.

Klar beskjed

Tysdal Moe frå KrF meiner at det å vera med i salmesongen eller det å lese eit Fadervår for pasienten før han eller ho legg seg til å sova for kvelden, det kan alle pleiarar gjera, uavhengig av religion eller overtyding.

– Her bur pasientane på ein sjukeheim og i heimen får du dekka også dine åndelege behov, seier Tysdal Moe.

Må ha valfridom

Eirik Faret Sakariassen er førstekandidat for SV i Stavanger. Han er usamd med Tysdal Moe sitt syn og meiner at dei tilsette må spørjast om sitt syn.

Eirik Faret Sakariassen

SV sin førstekandidat i Stavanger, Eirik Faret Sakariassen, meiner at pleiarane si tru også må spele inn.

Foto: Hans Edward Hammonds

– Det må jo vera opp til den enkelte pleiar. Dei som ikkje har problem med å delta kan gjera det, men dei som ikkje vil, skal få sleppa.

– For me veit at det jobbar folk med alle religionar i eldreomsorga, og dei fortener også respekt for si tru.

Fokus på pasient eller på pleiar

På skjerma avdeling på Tasta sjukeheim fortel avdelingsleiar Ingebjørg Jordbrekk at dei har hatt ein kraftig diskusjon blant dei tilsette om dette.

– Det var nokre som lurte på om me nå skulle byrja med forkynning, seier ho.

Men sjølv understrekar ho at det handlar om personsentrert omsorg.

– Det er ikkje vår tru som skal fram. Det er pasientane si tru. Me skal berre hjelpe dei og vareta den trua dei har hatt heile livet sitt, seier Jordbrekk.

Ingebjørg Jordbrekk avdelingsleiar skjerma avdeling, Tasta sjukeheim

Ingebjørg Jordbrekk avdelingsleiar skjerma avdeling, Tasta sjukeheim.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK