Hopp til innhold

Regjeringsskifte kan bremse vestlandsdominans blant statsrådar

Nesten halvparten av dagens medlemmer i regjeringa kjem frå Vestlandet. Men det blir neppe slik etter valet, trur statsvitar.

"Endringer i Solberg-regjeringen"

FLEIRE VESTLENDINGAR: Bergensaren Erna Solberg har heile åtte statsrådar frå Vestlandet i si nåveranda regjering. Biletet er tatt i starten av 2020, utan koronameter. Sidan då har og enkelte av statsrådane blitt bytta ut.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Det siste halvanna året har du sett dei på tallause pressekonferansar om koronapandemien: Statsminister Erna Solberg, helseminister Bent Høie og justisminister Monica Mæland.

Alle tre er profilerte Høgre-politikarar i regjeringa. Men dei er også frå Vestlandet.

Og dei er langt frå dei einaste. Heile åtte statsrådar er vestlendingar. I tillegg er statsministeren som kjend bergensar.

Vestland og Rogaland

Ein annan profilert statsråd er olje- og energiminister Tina Bru frå Rogaland. Ho trur det er ein fordel for rogalendingane at fylket er godt representert i regjeringa.

– Ein diskuterer saker som er relevante for fylket også i regjeringa. Sjølvsagt er det positivt å ha nokon frå Rogaland der, seier Bru.

Equionorhøring i stortinget

Statsråd Tina Bru (H).

Foto: Ole Berg-rusten / NTB

Dette er statsrådane frå Vestlandet:

  • Erna Solberg (Vestland)
  • Knut Arild Hareide (Vestland)
  • Sveinung Rotevatn (Vestland)
  • Bent Høie (Rogaland)
  • Iselin Nybø (Rogaland)
  • Olaug Bollestad (Rogaland)
  • Dag-Inge Ulstein (Vestland. Han er sunnmøring med erfaring som byråd i Bergen)
  • Tina Bru (Rogaland. Ho er født i Moss, men har budd lenge i Rogaland)
  • Monica Mæland (Vestland. Ho er opphavleg frå Arendal, men har lang erfaring som blant anna byrådsleiar i Bergen)
Mæland, Solberg og Høie

Monica Mæland, Erna Solberg og Bent Høie på ein av dei daglege pressekonferansane om korona i 2020.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Ikkje tilfeldig

Statsvitar Svein Tuastad ved Universitetet i Stavanger (UiS) meiner dominansen frå vest ikkje er tilfeldig.

– Eg synest høgresida har hatt knallgode politikarar. Eit døme er Tina Bru, som har sust opp og blitt ein nasjonal skikkelse. Ho kan nå heilt til topps.

Svein Tuastad

Statsvitar Svein Tuastad ved UiS.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Men med ei eventuell raudgrøn regjering etter valet, kjenner Tuastad seg trygg på at vestlandsdominansen blir borte.

– Eg trur at heile Vestlandet vil få reduserte tal på statsrådar. Nå har dei fleire statsrådar enn folketalet skulle tilseie.

Tenkjer ikkje på statsrådsjobb

Arbeidarpartiet har ingen tradisjon for å ha mange statsrådar frå Vestlandet.

Ved eit regjeringsskifte er det berre Hadia Tajik (Ap) som peikar seg ut frå Rogaland. Geir Pollestad (Sp) er ein annan kandidat i ei raudgrøn regjering.

I Vestland er Audun Lysbakken (SV) eit sjølvsagt namn. Erling Sande (Sp) er også aktuell.

Kjersti Toppe (Sp) blir nemnt (ekstern lenke) som ein mogleg kandidat (ekstern lenke) til jobben som helseminister.

– No kjempar eg først og fremst ein kamp for å kome på Stortinget. Eg tenker ikkje på det, det er det ærlege svaret. Vi er opptekne av å få makt på Stortinget, seier Toppe på spørsmål om helseminister-jobben.

Kjersti Toppe

Kjersti Toppe (Sp).

Foto: Leif Rune Løland / NRK Hordaland

Usikker på viktigheita

Solberg har tidlegare fått kritikk for den geografiske samansetjinga av statsrådar. Årsaka er at ei overvekt av statsrådane er frå enten sentrale deler av Austlandet eller Vestlandet.

Andre har vore kritiske til at medlemmene i regjeringa i stor grad kjem frå byar.

Tuastad trur uansett ikkje at det er avgjerande å ha ein haug med statsrådar frå eige fylke for å få gjennomslag for viktige saker.

– Viktigheita er kanskje litt overdrive. Det er tyngre politiske lovar som gjeld når det blir snakk om dei største spørsmåla for regionen. Men det er likevel viktig på mindre spørsmål. Då er det ein fordel med lettare tilgang til personar med mykje makt, seier han.