Hopp til innhold

Redningsheltane i Lysefjorden

Fire gutar frå 16 til 18 år, redda alle passasjerane frå den brennande Lysefjordferja og over i sine eigne småbåtar.

Redningsmennene Julian Fossmark, Martin Fossan, Torbjørn Berge og Henrik Gilje Olsen

Redningsmennene Julian Fossmark (16), Martin Fossan (17), Torbjørn Berge (17) og Henrik Gilje Olsen (18).

Foto: Mathias Oppedal / NRK

17 år gamle Martin Fossan fortel at dei fire var ute på Lysefjorden for å stå på vasski på fredag ettermiddag. Først la dei merke til at det kom uvanleg mykje røyk ut av eksossystemet til ferja, utan at dei tenkte det var alvorleg.

Røyk frå brannen ombord i "Eid"-ferja i Lysefjorden

Store mengder røyk kom ut frå "Eid"-ferja i Lysefjorden, fredag ettermiddag.

Foto: Privat

– Men så kom det svart røyk ut overalt og då blei mest heile fjorden tåkelagt, fortel Fossan.

Ville vera til hjelp

Dei fire køyrde dei tre småbåtane sine bort til ferja, for å høyre om dei kunne vera til hjelp. I starten fekk dei motstridande meldingar. Ein av mannskapet sa at dei måtte koma seg vekk på grunn av eksplosjonsfaren.

Her blir passasjerane redda frå ferja "Eid" i Lysefjorden

Her blir passasjerane redda over frå ferja "Eid" til småbåtar i Lysefjorden, fredag kveld.

Foto: Privat

– Men ein annan sa at me skulle bli verande, og etter kvart fekk me løyve frå kapteinen til å evakuera passasjerane, seier Torbjørn Berge.

Ungane grein

– Passasjerane var skikkeleg stressa, då me fekk dei om bord. Eg trur mest alle ungane grein, seier Julian Fossmark.

– Men var du ikkje redd i den situasjonen? Du visste jo at det var bensinbilar om bord som kunne ta fyr og eksplodera?

Dette er privatvideoar tatt under redningsaksjonen. Dei fleste er tatt av Eden Bendvora.

– Jo, eg kjente det godt i magen og adrenalinet pumpa. Men hovudet mitt sa at eg måtte vera med og hjelpa. Det kjentest mest ut som ei plikt, seier Fossmark.

Redda alle passasjerane

Eden Bendvora

Eden Bendvora frå Israel fekk takka redningsgutane personleg. Ho seier ho er svært glad for jobben dei gjorde, og at ho sjølv aldr følte seg utrygg.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Me hadde 49 passasjerar om bord hos oss i dei tre båtane våre, fortel Henrik Gilje Olsen.

Då dei hadde fått alle passasjerane i tryggleik kom Folkehjelpa med ein redningsbåt og hjelpte til. Ingen av passasjerane blei skadde.

– Var passasjerane takknemlege?
– Nei, dei gav ikkje uttrykk for det. Dei fleste var nok så sjokkerte at dei ikkje fekk sagt takk ein gong.

– Har ferjeeigaren, Fjord1, sagt noko?
– Nei, dei har ikkje vore i kontakt med oss ennå, men kanskje dei gjer det i løpet av dagen, avsluttar Gilje Olsen.

Dei fire redningsmennene frå Lysefjorden i eigen båt

Dei fire redningsmennene i ein av båtane dei brukte i bergingsoperasjonen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Reiarlaget skal undersøke ferja

Eigar av ferja, reiarlaget Fjord 1, skriv laurdag ettermiddag i ei pressemelding at M/F Eid blir rutinemessig undersøkt neste veke for å finne årsak til havariet.

– Fjord1 ønskjer å takke alle private og offentlege instansar for god hjelp under hendinga, seier driftsdirektør i Fjord1, André Høyset.