Hopp til innhold
Quiz

Test deg sjølv: Veit du kva du bør ha i fall ei krise oppstår? ⚠️

Du vert bedt om å bli innandørs i fleire dagar. Straumen går. Har du då det du treng for å klare deg?

Del av beredskapslager

Biletet kan kanskje gje nokre hint for å gjere det bra på quizen 😉

Foto: Håkon Iversen / NRK

Apotek over heile landet er utselde for jodtablettar. Fleire stadar må ein faktisk stå på venteliste for å få det.

I fall ei krise oppstår i Noreg, er vi alle tilrådd å ha eit lager av mat, vatn og medisinar heime.

Men kor mange av oss har faktisk ein bod eller eit skåp med alt dette? Og kva skal ein i so fall ha?

1/10 Kor lenge bør du klare deg sjølv? 📅

Eksempel på lager etter råd fra DSB, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.
Foto: Håkon Iversen

Om ei krise oppstår, kan du måtte klare deg nokre dagar utan vatn, straum og medisinar. Kor lenge er det anbefalt at du bør klare deg sjølv?

2/10 Den gamle radioen 📻

DAB-radio NRK Nordland
Foto: Ole Dalen/NRK

Kanskje høyrer du på radio i bilen, men du er råda til ha ein heime for å få med deg informasjon i krisetider. Kva må ein då passe på?

3/10 Dei berykta jodtablettane 💊

cyCp
Foto: Torstein Boee / Torstein Boee

Mange apotek er heilt tomme for jodtablettar, og folk står på venteliste for å få tak i dei. Er det nok å kjøpe dei du finn her i hylla?

4/10 Kva treng du ikkje ha i førstehjelpsskrinet? 🩹

Førstehjelp
Foto: Tyler Olson Photography

Bandasjar, sårrens, plaster er kanskje innlysande at du bør ha, men kva kan du late vere å putte i førstehjelpsskrinet ditt?

5/10 Kva mat bør du ha lagra heime?

Hyller i en dagligvarebutikk
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Utan mat og drikke, duger nordmannen ikk(j)e. Om du skal klare deg nokre dagar utan å gå ut kan det vere greitt å ha mat. Kva bør du handle litt ekstra av neste gong du er på butikken?

6/10 Kor mykje vatn bør du ha? 💧

Et glass fylt med vann.
Foto: Aleksander N. Brevig / NRK

Mange har sikkert mast på deg om å drikke to liter vatn kvar dag. So kor mykje er du tilrådd å lagre per person for tre dagar?

7/10 Korleis held du varmen? 🌡️

Peis med mye flammer.
Foto: Maria Kristina Vevang

Mange brukar berre elektrisitet for å varme heimen sin. Har du peis eller vedomn, er jo svaret innlysande om straumen går, men om du ikkje har desse; korleis er du då rådd til å halde varmen?

8/10 Kor lenge held vatn seg?

Store vannflasker
Foto: Håkon Iversen / NRK

Om du vaskar dunkar godt, fyller dei med kaldt vatn og set dei mørkt og frostfritt kan du lagre vatn ei stund. Kor lenge kan det stå om du lagrar det riktig?

9/10 ...og kva med doen?

Toalett
Foto: Jan Antonin Kolar / Unsplash

Om vatnet ryk, bør ein kanskje ha ein plan for... avfallshandtering. Kva gjer du om du ikkje kan bruke toalettet?

10/10 Treng du kontantar? 💵

Ei brun lommebok av lær ligg open på eit bord. Under lommeboka ligg eit par hundre kroner i lappar.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Kva tid var sist gong du brukte kontantar? Nettopp. Er det då nokon vits å ha kontantar heime?

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.

Quiz Kan du din koronabibel?

Korona-kollasje

Interessert i prepping og dommedag? I denne episoden av Innafor utforskar Vilde kvifor nokon hamstrar mat og driv med skytetrening:

Krig, tørke og flom. Cyberangrep, Putin og Trump. Programleder Vilde lurer på om hun bør forberede seg på den store krisa. Er det de som hamstrer mat i boden og legger seg i skytetrening som egentlig er de lure?

Krig, tørke og flom. Cyberangrep, Putin og Trump. Programleder Vilde lurer på om hun bør forberede seg på den store krisa. Er det de som hamstrer mat i boden og legger seg i skytetrening som egentlig er de lure?