Apotek over heile landet er utselde for jodtablettar. Fleire stadar må ein faktisk stå på venteliste for å få det.
I fall ei krise oppstår i Noreg, er vi alle tilrådd å ha eit lager av mat, vatn og medisinar heime.
Men kor mange av oss har faktisk ein bod eller eit skåp med alt dette? Og kva skal ein i so fall ha?
Interessert i prepping og dommedag? I denne episoden av Innafor utforskar Vilde kvifor nokon hamstrar mat og driv med skytetrening: