Christiansen frykter ikkje storgransking

– Dersom kemnerane meiner det er nødvendig med gransking av økonomien i norsk hockey, så er eg positiv til det, seier Oilers-eigar, Tore Christiansen. Sjølv fryktar han ikkje kva kemneren kan finna i hans eigne rekneskapsbøker.

Tore Christiansen
Foto: Ellingsen, Tommy / NTB scanpix
Stavanger Oilers Norgesmestere

Stavanger Oilers kunne jubla for sitt tredje NM-gull på sin nye heimebane våren 2013.

Foto: Kent Skibstad / NTB Scanpix

I dag kunne NRK.no fortelja at kemnerkontor over heile landet har jobba saman for å leita etter feil i skatte- og avgiftsbetalingane til alle eliteserieklubbane i norsk hockey.

Eigar og primus motor i Stavanger Oilers, Tore Christiansen, har leia klubben sin til ei økonomisk særstilling i norsk hockey, i tillegg til stor suksess på hockeybanen.

Han kjende ikkje til aksjonen, men stadfestar at dei har hatt kemneren på besøk.

Vanleg med kontroll

– Det er ganske vanleg for oss at dei ber om å sjå bøkene. Det gjeld både for hockey og for dei andre næringane eg er involverte i, seier Christiansen til NRK.no.

Dette er første gong kemnerkontorene tar føre seg ein idrett så systematisk, og i løpet av få veker er resultatet av det omfattande bokettersynet klart.

– Fryktar du for utfallet?

– Eg kan berre snakka for Stavanger Oilers sin del og me har ingenting å frykta. Skulle dei finna feil i bøkene takkar me for det og rettar feila opp, men me har ingen grunn til å frykta noko, seier Christiansen.

Ishockeypresident, Gerhard Nilsen, har uttalt at han er uroleg for kva ein kan finna i dei norske toppklubbane. Han vel å tru at det er uvisse og ikkje bevisste forsøk på fusk som er årsaka til eventuelle feil.

Vil ikkje førehandsdømma

Det er trist om aksjonen fører til avdekking av ukultur i økonomien i norsk hockey, meiner Tore Christiansen.

– Eg vil ikkje førehandsdømma nokon, eller tru det eine eller andre. Men om dei skulle finna mykje grums blir eg lei meg, seier han.

Han presiserer likevel at han ikkje har kjennskap til korleis dei andre driv klubbane sine, men at dei sjølv har hatt sterkt fokus på å driva Oilers som ei regulær næringsverksemd.

– Men korleis stiller du deg til at dei har ein slik storstilt aksjon?

– Dersom dei meiner det er nødvendig å ha dette så er eg positiv til det. Alle må driva skikkeleg enten det er hockey eller andre ting, så dette må me berre ønskja velkommen.