Hopp til innhold

Politiet veit kor Varhaug-drapet skjedde

Politiet stadfestar at dei no veit kor Sunniva Ødegård (13) vart drepen, men vil ikkje seie kor åstaden er, eller om det er den same som funnstaden.

Blomster og lys på stedet der Sunniva Ødegård ble funnet drept

Blomar, lys og bilete ved funnstaden til Sunniva Ødegård (13) på Varhaug.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Me har ei formeining om kor åstaden er, men kan ikkje seie noko meir om dette, opplyser Bjørn Kåre Dahl i Sør-Vest politidistrikt til NRK.

Dahl fortel at politiet no trur dei veit kor tid drapet kan ha skjedd, men vil ikkje utdjupe dette.

Politiet meiner også at dei har pågripe personen som har gjennomført drapshandlinga. Dahl vil ikkje gå nærmare inn på bevisgrunnlaget mot 17-åringen som er sikta i saka.

– Me er opne for andre innspel, men det er ingenting så langt som tyder på at andre er involverte, seier Dahl.

Han påpeiker at dersom det kjem andre indikasjonar, vil politiet sjølvsagt følge desse spora.

Sunniva Ødegård

Sunniva Ødegård (13) vart drepen på Varhaug natt til måndag.

Foto: Privat

Vil ha nytt avhøyr

På torsdag forsøkte politiet på nytt å avhøyre 17-åringen som er sikta for drapet på Sunniva Ødegård (13) på Varhaug. I likskap med onsdag, braut den sikta avhøyret med politiet.

17-åringen har ikkje ønskt å gje ny forklaring, og står fast på at han er uskuldig.

No vil politiet forsøke avhøyre den sikta på nytt tidleg neste veke. Den drapssikta vart i dag overført frå Stavanger til ungdomsfengselet i Bergen.

Politiet sier de nå vet hvor drapet på 13 år gamle Sunniva Ødegård skjedde.

Par har ikkje meldt seg

I går ønskte politiet å kome i kontakt med eit par i 20-åra som skal ha gått tur i nærleiken av funnstaden natt til måndag.

Desse har enno ikkje meldt seg for politiet.

– Me har fått tips om kven det kan vere, men det har me ikkje fått sjekka enno, seier Bjørn Kåre Dahl til NRK.

Politiet held oppe etterlysinga til dei er sikre på at tipset er sjekka ut eller inn.

– Politiet har god oversikt

Politiet held fram med etterforskinga, og vil gjennomføre vitneavhøyr og gjere taktiske og tekniske undersøkingar.

– Det står framleis att ein god del arbeid, men politiet har god oversikt i denne saka, skriv Bjørn Kåre Dahl, leiar for personseksjonen i Sør-Vest politidistrikt, i ei pressemelding.

– Me jobbar i lågare takt i helga. Mannskapa har hatt lange og krevjande arbeidsdagar og treng fri for å vere klar til neste veke, held Dahl fram.

Så langt er det gjennomført over 40 vitneavhøyr, og politiet har fått meir enn 80 tips i saka.