Onsdag føremiddag rykte politiet ut med blålys til to søppelkonteinarar mellom Esso-stasjonen og Spar-butikken i Varhaug sentrum. Området rundt konteinarane blei sperra av, samtidig som mindre søppeldunkar blei flytta bak sperrebandet.
I tillegg sperra politiet av kjellarinngangen til Spar-butikken. Det er sett forseglingstape på døra.
Klokka 13.30 onsdag fjerna politiet konteinarane ved hjelp av ein lastebil.
Medan politiet sperra av konteinarane, gjekk seks pensjonistar med gule vestar i gang med å plukka søppel fleire stader på Varhaug. Dette gjer dei kvar første onsdag i månaden.
Då politiet oppdaga at «ryddegjengen» var i gang, rykte dei ut.
– Me må avbryta dagens rydding, seier Eldar Odland, som leiar pensjonistgruppa.
Politiet bad Odland om å ta ansvar for å stoppa all rydding, og setja søppelet dei allereie hadde samla tilgjengeleg for politiet.
– Nye opplysingar gjorde at dei ville gå over området ein gong til for å sjå om dei kunne finna noko som kunne hjelpa etterforskinga, seier Odland.
– Vi vil ikkje miste noko
Etterforskingsleiar ved Sør-Vest politidistrikt, Bjørn Kåre Dahl, stadfestar at sperringane deira, og den plutselege interessa for søppeldunkane, er knytt til drapsetterforskinga.
Politiet sperra også av kjellarinngangen til Spar-butikken.
– Generelt leiter me etter ting som kan ha samanheng med det som har skjedd. Og når det gjeld ei handling som dette, vil ein gjerningsperson kvitta seg med ting, og då vil me i alle fall ikkje mista noko, seier han.
– Har sperringa samanheng med eit eventuelt drapsvåpen?
– Det vil eg ikkje seia noko om, seier Dahl til NRK.
– Fann ingenting mistenkeleg
Pensjonistane har rydda i området der Sunniva Ødegård blei funnen, og området rundt huset til den sikta 17-åringen.
– Slik eg ser det så har me ikkje plukka søppel som det er noko mistenkeleg ved, men me veit jo ikkje kva som er av interesse i ei slik sak, derfor stiller me alt søppelet me har plukka tilgjengeleg for politiet, seier Odland.
Han legg til at alle ønsker å hjelpa til slik dei kan, og dersom dei hadde visst at ryddinga var mot politiet sin vilje, så ville dei aldri ha sett i gang.
- LES OGSÅ: Dette er de ubesvarte spørsmåla