Hopp til innhold

Politiet har fått over 2000 Birgitte-tips

Etter TV 2-serien om drapet på Birgitte Tengs har politiet fått fleire tips i saka. No ventar politiet på viktige DNA-resultat som kan stake ut ei ny retning for etterforskinga.

Birgitte Tengs

Politiet har gjort nye etterforskingsskritt etter nye tips i den 23 år gamle drapssaka.

Foto: Privat

Politiet har no fått inn godt over 2000 tips i saka om Birgitte Tengs-drapet. Fleire av desse er kome etter TV 2-dokumentaren «Hvem drepte Birgitte?», som gjekk i haust.

Enkelte av tipsa har ført til nye skritt i etterforskinga av den 23 år gamle drapssaka. Politiet opplyser likevel at dei framleis ikkje har nokon mistenkte.

– Det er særs utfordrande å etterforske så mange år etter at drapet fann stad, og me ser at nokre spørsmål truleg vil bli verande ubesvarte, seier påtaleansvarleg, politiinspektør Lars Ole Berge i Sør-Vest Politidistrikt, i ei pressemelding.

Lars Ole Berge

Politiinspektør Lars Ole Berge og Cold case-eininga ventar på nye, viktige DNA-resultat etter drapet på Birgitte Tengs.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Motivasjonen for å løyse saka er likevel stor, seier Berge.

Politiet brukar no millionbeløp på DNA-analysar av biologisk materiale. Med resultatet av desse håpar dei å kome nærare ei løysing.

Ventar på DNA-resultat

Kripos si Cold Case-gruppe held no fram med etterforsking av saka frå 1995, og nye DNA-resultat vil vere sentrale for det vidare arbeidet.

I haust sende politiet store mengder biologisk materiale til analyse i utlandet, men ventar framleis på resultatet.

– Forventar de nye mistenkte på bakrunn av DNA-materialet?

– Det er jo ei moglegheit for det, men me har naturlegvis ingen garantiar. Så me ventar på resultatet, seier Berge til NRK.

Politiinspektøren seier analysane kan stake ut ei ny retning for etterforskinga – alt etter resultatet.

DNA-prøvane skulle ha kome i løpet av hausten, men arbeidet er omfattande og tidkrevjande. Politiet reknar med å få svar i starten av 2019.

– Me vil ikkje kommentere analyseresultata før me har gjort grundige vurderingar og eventuelle naudsynte etterforskingsskritt, seier Lars Ole Berge i Sør-Vest politidistrikt.