Alf Inge Rasmussen er ein av eigarane av butikken Re-El, som sel «scootipuff» og andre elektriske syklar i Stavanger.
Foto: Johan Mihle Laugaland / NRKInne på Re-El i Stavanger står siste skrik innan elektriske køyretøy side om side.
«Scootipuff» er bygd som ein moped, men er modifisert slik at den er registrert og blir seld som ein elsykkel i Norge.
- Les òg:
- Les òg:
Foreldre kjøper til barna
Sidan sykkelen er modifisert av produsenten kan den maks køyra 25 kilometer i timen, og er lovlege for alle, utan krav om å bruka hjelm.
– Dei fleste kundane er foreldre som kjøper scootipuff til barna sine. Desse er kanskje i 14 til 16 års alderen, og vil nok ha ein sykkel som liknar litt på ein moped. For ein god sykkel er det ikkje, seier Alf Inge Rasmussen i butikken.
Men politiet er ikkje spesielt begeistra for den nye trenden. Dette sidan syklane er enkle å trimma til å bli raskare.
– Det bør bli vurdert kor vidt dei skal vera lovleg å selja denne type køyretøy, seier Rune Svendsen, som er leiar for trafikkstasjonen ved Stavanger politistasjon.
Dei har fått inn melding frå fleire folk som har reagert på elsyklar som går fortare enn dei skal både på fortau og i trafikken.
Han seier at folk som har tukla med elsyklane kan bli straffa om dei blir stoppa av politiet.
– I realiteten køyrer dei då ein uregistrert moped utan førarkort. Dette kan få straffereaksjonar, men meir alvorleg er det om dei hamnar i ei ulukke, seier han.
(artikkelen fortsetter under bildet)
«Scootipuff» blir stort sett kjøpt til barn som ikkje er gamle nok til å køyra moped, ifølgje utsalsstaden i Stavanger.
Foto: Leif Dalen / NRKForstår dei reagerer
Rasmussen har ikkje vanskar med å forstå at politiet reagerer på syklane.
– Den er jo lett å forveksla med ein vanleg moped. Dermed skapar det jo litt forvirring for politiet, når dei kanskje ser ein fjortenåring utan hjelm på scootipuff, seier han.
- Les òg:
Han meiner likevel at det vil bli meir og meir vanleg med denne type nye køyretøy i trafikken her i landet.
Sjølv er han ikkje av same oppfatning som politiet om at mange trimmar syklane.
– Det er ikkje så mange gonger eg har sett dette, verken ute på vegane, eller syklar som kundane har tatt med inn her, seier han.
Uansett er politiet kritiske.
– Det blir kalla ein elektrisk sykkel, noko som tilseier at det er muskelkraft som skal vera hovuddrivkrafta, Men desse er jo forma som mopedar, og egnar seg beint fram dårleg for sykling, seier Svenden.
– Så kva er rådet ditt til foreldre som skal kjøpa« scootipuff »til barna sine?
– Tenk dykk godt om. Det er veldig enkelt å justera desse syklane, slik dei kan køyra i ein fart barna ikkje kan handsamar.