Hopp til innhold

Mann sikta for drapsforsøk

Ein mann i 20-åra er knivstukken på Trones i Sandnes. Ein mann i 30-åra er arrestert og sikta for drapsforsøk.

Knivstikking på Trones i Sandnes

Fleire patruljebilar på staden der knivstikkinga skjedde.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Mannen vart onsdag sikta for grov kroppsskade. Siktinga er nå endra til forsøk på drap, seier politiadvokat Mads Lerum ifølge ei pressemelding torsdag.

Onsdag vart ein mann i 20-åra frakta til Stavanger universitetssjukehus (SUS) etter ein alvorleg valdsepisode i eit bustadområde i Sandnes.

Ein mann i 30-åra vart arrestert kort tid etterpå i nærleiken av åstaden.

Sikta vert framstilt for varetektsfengsling i Sør-Rogaland tingrett fredag. Tor Inge Borgersen er oppnemnt som forsvarar.

Mannen som er sikta, innrømmer det som har skjedd. Det seier Borgersen til Stavanger Aftenblad.

Det vil seie at han erkjenner at han har halde i kniven, men at han ikkje har tatt stilling til straffskuld. Dette heng saman med politiet har endra siktinga frå grov kroppsskade til forsøk på drap.

Medvitslaus

Fornærma blei onsdag frakta til SUS med alvorlege skader.

– Politiet har komme godt i gang med etterforskinga av saka, men me er framleis tidleg i etterforskinga. Me har blant anna gjort fleire avhøyr og telefonar er beslaglagt, seier Lerum i pressemeldinga.

Det var klokka 15.15 onsdag ettermiddag at politiet vart varsla om hendinga.

Personen som vart stukke, var medvitslaus då politiet og ambulanse kom til staden. Han er hardt skadd.

Fleire vitne på staden hjelpte med førstehjelp før ambulansen kom, opplyser operasjonsleiar hjå politiet Brit Randulff til NRK.

Mannen vart køyrd til Stavanger universitetssjukehus.

Polititeip og -bilar utanfor bustadhus i Trones i Sandnes, der ein person vart knivstukke onsdag.

Fleire patruljebilar til stades ved bustadhuset på Trones.

Foto: Heidi Karin Gilje Skog

Ein arrestert

Ein mann i 30-åra vart pågripen etter hendinga. Det skjedde utan dramatikk, opplyser politiet til NRK.

Han vert avhøyrd torsdag.

Politiet gjer vitneavhøyr, og kriminalteknikarar vil jobbe på staden utover kvelden, skriv jourhavande jurist Bjarte Myklebust i pressemeldinga onsdag kveld.

Tidlegare onsdag ettermiddag meldte politiet at to personar var arresterte, men at den andre personen no har status som vitne.

Politiet avhøyrer no fleire vitne og vurderar å gå dør til dør for å samle informasjon.

Dei har også varsla legevakta og kriseteamet i kommunen for å hjelpe dei vitna som var til stades under hendinga.

Krimteknikarar utanfor bustadhus i Trones i Sandnes, der ein person vart knivstukke onsdag.

Krimteknikarar var onsdag kveld på plass på åstaden.

Foto: HEIDI KARIN GILJE SKOG

Uvisst om dei kjende kvarandre

Dei to mennene hadde båe tilknyting til bustadområdet hendinga fann stad, men politiet veit ikkje om dei hadde nokon relasjon til kvarandre.

– Den sikta 30-åringen, er det ein politiet har kjennskap til frå før?

– Nei, det er han ikkje, seier Myklebust.

– Er den fornærma det?

– Eg ynskjer ikkje kommentere det, svarar han.

Politiet har beslaglagt ein kniv, og skadane til 20-åringen som no er på sjukehus ser ut som stikkskadar. Om den beslaglagde kniven har noko med hendinga å gjere, er enno ikkje avklart.

Trass i at to personar tidlegare vart arrestert, trur ikkje Myklebust det er snakk om fleire involverte personar.

– Vi leitar ikkje etter fleire gjerningsmenn, seier han.

Trones ligg like nord for Sandnes sentrum.