Hopp til innhold

Pårørande kjempar vidare mot dobbeltrom

Frå og med september må 92 eldre i Haugesund bu på dobbeltrom. Det reagerar pårørande kraftig på.

Pårørende i Haugesund gir ikke opp kampen mot dobbeltrom på sjukehjemmene i byen. Elin Berglund og Lill Clausen reagerer sterkt på at bruken av dobbeltrom mangedobles på ett år og mener forholdene er uverdige.

Lill Clausen og Elin Berglund har i dag sendt eit brev til Fylkeslegen i Rogaland. Dei vil ha svar på om bruken av dobbeltrom i Haugesund er forsvarleg.

– Det er trangt å bu to personar på eit einerom, med to rullestolar, seier Lill Clausen.

Lill Clausen er både opprørt og sint. Ho har ein mann som bur på dobbeltrom på ein sjukeheim i Haugesund.

– Det er heilt forferdeleg. Noko må gjerast. Det er ikkje meininga at me skal ha det slik i rike Norge, seier Clausen.

Fleire må bu på dobbeltrom

I september i fjor budde det 20 personar på dobbeltrom i Haugesund kommune. Men frå og med september i år, vil det talet auka til 92.

Årsakene til det er dårleg kommuneøkonomi og mangel på kapasitet. Vardafjell helsehus skal pussast opp, samtidig som to andre sjukeheimar blir lagde ned.

At fleire no må bu på dobbeltrom reagerar dei pårørande kraftig på. Elin Berglund er ei av dei. Hennar far har vore blant dei som har måtta dela rom.

– Dette er jo gamaldags eldreomsorg, det seier dei til og med i Oslo. Dette er heilt forferdeleg. To gonger har me fått forskrifter til loven som seier at dei eldra skal tilbys einerom, seier Elin Berglund.

Dobbeltrom på sjukeheim

Slik ser romma ut, når to personar må bu eitt.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Meiner tilbodet held mål

Men ordføraren meiner dei held seg innanfor forskriftene.

Arne-Christian Mohn

Arne-Christian Mohn seier det er økonomiske årsaker til at fleire må bu på dobbeltrom.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

– Det er jo me som har vedteke at hovudregelen skal vera einerom, og 80 prosent av romma er einerom, sjølv etter denne aukinga ligg me på omlag 20 prosent som ligg på dobbeltrom, seier ordførar i Haugesund Arne-Christian Mohn.

Rådmannen i kommunen meiner også at kommunens risiko- og sårbarhetsanalyse viser at tilbodet er godt nok.

Kjempar vidare

Men dei pårørarande vil ikkje gi seg i kampen mot Haugesund kommune, og dei har i dag skreve brev til Fylkeslegen i Rogaland.

– Og eg sendar også dette brevet til Helse og sosialkomiteen på Stortinget, eg sendar det til Statens helsetilsyn, og eg sendar det til helseminister Bent Høie. Eg vil ha eit svar på kortid nok er nok, når det gjelder dobbeltrom. Og kortid bryt ein dei forskriftene som regjeringa har vedteke, seier Berglund.