Hopp til innhold

Parkeringsvakt: – Det har vore anarki

I Egersund har alle fått parkera gratis. Nå inntar parkeringsvaktene også denne byen.

Ole Stavnheim

NY: Ole Stavnheim er ein av to parkeringsvakter i Egersund. Han har så langt skrive ut om lag 20 bøter.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Det første ein blir møtt av når ein kjem til den idylliske byen Egersund sør i Rogaland, er ein svær parkeringsplass full av bilar. Her har det vore fritt fram å setja bilen frå seg kor lenge du vil, og utan at det kostar deg ei krone.

– Det har vore anarki. Ingen har handheva parkeringsreglane utanom i heilt spesielle høve, så me er veldig godt vande, seier parkeringsbetjent i Eigersund parkering Ole Stavheim.

Feilparkert i Egersund

Denne bilen fekk ei av dei første parkeringsgebyra som blei skrivne ut i Egersund. Den sperrar ei innkøyrsle.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Startar som snille vakter

Han har gått på kurs, og er ein av to parkeringsvakter som nå skal halda orden i byen. Det er ikkje før i romjula dei startar å ta betalt for å parkera i sentrum, men vaktene er allereie i gang med å skriva ut gebyr. Dei går til grove feilparkeringar.

– Me er litt snille i starten og ser litt gjennom fingrane i enkelte høve. Det er berre det aller verste me tek, men utover nyåret blir me nok strengare, fortel Stavnheim.

Arne Stapnes

Arne Stapnes er sjef for det nyoppretta selskapet Eigersund parkering.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Arne Stapnes er sjef for Egersund parkering, han fortel at målet er at folk som jobbar i sentrum ikkje skal ha bilane sine ståande på det som eigentleg er ei kortidsparkering heile dagen.

– Dei kan heller bruka langtidsparkeringa som ligg like ved. På den måten kan desse korttidsplassane bli brukt av folk som har kortare ærend i byen, som til dømes handling i sentrum, seier Stapnes.

Ei krone timen

Sjølv Egersund nå går inn i den lange rekka av byar med betalparkering, skal ingen påstå at ein blir flådd. Det kostar to kroner for dei to første timane på korttidsparkeringa, deretter 25.

– Det var det nærmaste me kom ingenting, likevel så er jo auken stor for folk her som trass alt er vande med å betala nettopp ingenting, seier Stapnes.

Altså skal ikkje betalparkeringa vera ei inntektskilde for Eigersund kommune, men med moglegheit for å skriva ut parkeringsgebyr blir det truleg færre som brukar sentrum til parkeringsplass.

– Mange vil kanskje seia at Egersund mister dyden med dette, men skitt au, seier Stavnheim, som meiner det er viktig å få orden i parkeringsrekkene.

I Egersund har alle fått parkera gratis. Nå inntar parkeringsvaktene også denne byen.

BLI MED VAKTA PÅ JOBB: Her er ei av dei første bøtene som blei skrivne ut i Egersund.