Hopp til innhold

Her filmar ordføraren eit ulovleg basehopp

– Om eg mistar veljarar på grunn av dette, får eg heller vinna dei tilbake til neste val, seier KrF-ordførar Ole Tom Guse i Forsand. I går la han ut eit ulovleg basehopp på Facebook-sidene sine.

– Om eg mistar veljarar på grunn av dette, får eg heller vinna dei tilbake til neste val, seier Krf-ordførar Ole Tom Guse i Forsand, etter han la ut eit ulovleg basehopp på Facebook-sidene sine.

Ole Tom Guse
Foto: KrF, Olav Eggebø Aanonsen

Det var i går ordføraren i Forsand var ute og køyrde saman med sonen sin. Då dei kom til Lysefjordbrua oppdaga dei at nokon skulle hoppa med fallskjerm.

Ein ulovleg aktivitet, men i staden for å varsla styresmaktene, tar ordføraren fram kamerautstyret sitt for å fanga basehoppet på film.

– Eg filma hoppet, og fekk nesten mannen som hoppa i fanget, seier Guse, som hadde ei fin oppleving saman med sonen sin under brua.

Han legg likevel til at han var førebudd på ei eventuell ulukke.

– I tillegg til å vera ordførar er eg også utrykkingsleiar i Brannvesenet, derfor tok eg også med meg beredskapsradioen då eg gjekk ut for å filma. Den tok eg med dersom hoppet hadde gått gale, og eg måtte tilkalla hjelp, seier han.

Får kritikk

På video fekk han fanga det spektakulære hoppet, ein video han seinare på dagen la ut på Facebook-sida si.

Dette snappa lokalavisa Strandbuen opp, og etterpå har diskusjonen gått om ein ordførar bør leggja ut video av ein ulovleg aktivitet.

Ap-politikar i kommunen, Thore Håland, er ein av dei som har kome med krass kritikk av Guse.

– Dette er heilt idiotisk, og bør ikkje få merksemd. Det er eit faktum at det er forbode å hoppa frå Lysefjordbrua. Då meiner eg at det blir feil av Forsand sin ordførar og indirekte støtta slike påfunn, skriv Håland ifølgje Strandbuen på Facebook-sidene sine.

Ordføraren delar ikkje dette synet.

– Dette er ein storm i eit vassglas. Om eg mistar veljarar på grunn av dette, får eg heller vinna dei tilbake til neste val, seier han til NRK.no.

Han meiner å publisera videoen er på lik linje med aviser, som til dømes legg ut bilete av bilar som køyrer feil i ei rundkøyring.

– Eg oppfordrar ikkje andre til å hoppa med å legga ut denne videoen, og det er ikkje på vegner av kommunen eg har lagt den ut.

Facebook-sidene til Ole Tom Guse
Foto: skjermdump / Facebook

– Er det ikkje bra at me nyttar naturen?

Guse har tidlegare uttalt at han kunne tenkt seg at det var lovleg å hoppa frå brua, om lag 50 meter over sjøen. Men det er Vegvesenet som har avgjort at det skal vera ulovleg.

NRK har kome i kontakt med mannen som hoppa på videoen. Han vil ikkje stå fram med namn, men meiner det er bra at ordføraren er positiv til basehopp.

Han veit at det dei gjorde var mot lova, men ser ikkje noko gale i at ein ordførar legg ut videoen.

– Eg meiner det er heilt i orden. Det er berre bra at nokon ser positivt på dette, og eg kan ikkje forstå korleis nokon klarer å sjå på dette som ei kriminell handling, seier han.

– Men kvifor gjer de dette?

– Det er noko me har som hobby. Det er ikkje vanleg at me bryt lova og hopp frå så låge objekt, men nokon gonger tar me oss fridomen, for variasjonen si skuld.

Han samanliknar aktiviteten dei driv med, med den langt vanlegare aktiviteten; fjernsynskikking og dataspel.

– Er det ikkje berre bra at nokon tar seg ut i naturen og nyttar det me har rundt oss, spør han retorisk.

Guse sjølv tar det heile med stor ro og eit smil.

– Nokon gonger kan eg kanskje angra på noko etter eg får tenkt meg om. Dette angrar eg ikkje på, og eg har i tillegg til å posta videoen, også posta ei lenke til Strandbuen sin artikkel om saka, seier ordføraren.

– Om eg mistar veljarar på grunn av dette, får eg heller vinna dei tilbake til neste val, seier KrF-ordførar Ole Tom Guse i Forsand. I går la han ut eit ulovleg basehopp på Facebook-sidene sine.