Hopp til innhold

Her gjer basehopparen seg klar til å hoppa 30 meter frå vindauget sitt

Mange fann det oppsiktsvekkjande at to menn hoppa med fallskjerm frå eit hotell i Stavanger i natt. Men fallskjermhopp frå bygg og antenner er svært vanleg i Stavanger og andre norske byar, ifølgje miljøet.

Basehopp Hinna

Her gjer Kim Stian Møller seg klar til å hoppa frå leilegheita si i Hinna. Sjå videoen lenger nede i artikkelen.

Foto: Youtube

Rica Forum Hotell, Tjensvoll

To basehopparar hoppa i natt frå Rica Forum Hotell i Stavanger. Hotellet har 21 etasjar og er 60 meter.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Politiet i Stavanger tok i natt to menn i 30-åra som slengde seg ut frå det høgste hotellet i Rogaland i fallskjerm i natt.

Det er ikkje ofte dei tar folk for dette, men det er likevel langt frå sjeldan at det skjer. Etter det NRK kjenner til skal heller ikkje nattas hopp vera det første frå det 60 meter høge hotellet.

B.A.S.E

Sjølv om basehopp for dei fleste handlar om å kasta seg utføre ein fjellkant, ligg det i sjølve ordet basehopp at greina omfattar meir.

Base er nemleg ei engelsk forkorting av orda «Buildings», «Antennas», «Spans» og «Earth». Altså blir basehopp definert som utsprang frå bygg antenner, bruer, fjelltoppar og liknande, der landinga skjer ved hjelp av fallskjerm.

Og det blir hoppa ein god del i byområda i Norge, ifølgje miljøet, og fleire videoar som ligg ute på nett.

– Høghuset på Jæren, blokka på Mariero, Rosenliblokkene, har alle blitt hoppa frå, seier leiar i Stavanger baseklubb, Stein Edvardsen.

På nettstaden Youtube kan ein sjå fleire av byhoppa, her finn ein videoar der det blir hoppa frå bygg i Bergen midt på natta, i tillegg ligg det ute videoar der det blir hoppa frå kjende bygg i Oslo.

Frå Stavanger finn ein video av ein mann som hopper ut frå leilegheita si på Hinna, med berre 30 meter ned til sjøvatn.

Sjå video: Basehopp frå 30 meter

– Kvifor skulle det vore forbode

Mannen som hoppar frå Hinna heiter Kim Stian Møller, og er nestleiar i Stavanger baseklubb.

Han meiner hoppet som skjedde i natt er lovleg, og legg til at klubben tar avstand frå alt som er ulovleg.

– Så lenge ein berre hoppar går det ikkje ut over nokon, og det er fullt lovleg. Det finst spesifikke plassar me ikkje har lov til å hoppa frå, til dømes Trollveggen, her ville me aldri ha hoppa, seier han.

– I videoen hoppar eg ut frå leilegheita mi og landar i sjøen, kvifor skulle det vore forbode, spør han seg.

Han seier at det ikkje er ein spesiell risiko knytt til hopp frå bygg, i forhold til hopp frå ein fjellvegg.

– Begge deler er livsfarleg. Folk døyr jo i denne sporten, men det er slik det er, seier Møller.

Kom tilfeldig over basehopp

I januar i år var Jon Øyvind Hansen ute på tur med familien på Lifjell i Sandnes.

På toppen av fjellet står ein høg sendar, og då han oppdaga at det var folk her tok han fram kameraet og fekk knipsa bilete.

Han hadde ingen problem med at det blei hopa frå sendaren, og gleda seg heller av det flotte skode.

Også han blei overraska over at det blei hoppa frå ei så låg høgd.

Basehopp frå Lifjell-sendar

Dette bilete tok Jon Øyvind Hansen då han var på tur til Lifjell i Rogaland. Då han såg ein mann i toppen av sendaren på fjellet, tok han fram kameraet og sikra seg bilete. Bilete er tatt i januar i år.

Foto: Jon Øyvind Hansen
Basehopp på Lifjell

Ein basehoppar som hoppa frå Lifjellsendaren i januar.

Foto: Jon Øyvind Hansen

Les òg:

Basehopparar dømde

Statsadvokat, Ingvild Thorn Nordheim, var tidlegare politijurist ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

I 2003 var ho aktor då fire basehopparar blei dømde. Desse hadde hoppa frå det ulovlege punktet Trollveggen. Straffa blei bøter på 15.000 og 35.000 kroner.

Sjølv om Nordheim har jobba med basehopproblematikken, kan ho ikkje sei om det er lovleg eller ulovleg å hoppa frå bygg.

– Det eg kan sei er at det ikkje er ulovleg å hoppa frå fjell, der det ikkje finst spesifikke forbod.

Ho legg til at saka kan stilla seg annleis, dersom eit hopp er til fare for andre.

Då det lukkast NRK.no å koma i kontakt med politijurist i Rogaland politidistrikt, Kathrine Tanberg, kan ho opplysa om at hoppet frå hotellet i natt, i utgangspunktet ikkje er ulovleg.

– Me er likevel skeptiske, for me meiner det kan setja andre folk i fare, seier ho.