Hopp til innhold

Olja ser lyset i utlandet

Dalande aktivitet og investeringar på norsk sokkel treng ikkje bety at bremsane må på for norske oljeleverandørar.

Statoil i solnedgang

UT AV LANDET: Mange av dei små leverandørane prøver å hengja seg på større selskap som Statoil når dei skal ut i verda.

Foto: Harald Pettersen / Statoil

– Me har klart oss så langt, og me håpar å klara oss gjennom denne stormen, seier Helge Sandbekken, direktør i Sandvik Riser i Sola.

Dei lagar koplingar for oljerøyr som kan minna om dei du brukar på vasslangane i hagen heime. Med ein dalande marknad i Noreg, så er det andre breiddegrader som freistar for Sandbekken.

– Me jobbar no med å utvikla ei kopling som kan hjelpa oss ut på den globale marknaden; subsea-koplinga. Me ser så langt positivt på utviklinga framover, seier han.

Han og fleire av leverandørselskapa i Noreg vil no marknadsføra seg meir aktivt mot utlandet for å klara seg gjennom dårlegare tider i Noreg.

Helge Sandbekken, direktør i Sandvik Riser i Sola.

ER POSITIV: Helge Sandbekken, direktør i Sandvik Riser.

Foto: Inger Johanne Stenberg / NRK

Tøft, men mogleg

– Om me brukar høvet no til å gå ut i verda, og prøver å koma inn på internasjonale prosjekt, så har me heilt klart moglegheiter, seier Gunn Vik, regiondirektør i Intsok.

Ho jobbar med å hjelpa norske store og små selskap med å selja seg inn i olje- og gassprosjekt i blant anna Asia.

Gunn Vik

– SJÅ MOT DEI STORE: Gunn Vik, regionsdirektør i Intsok

Foto: Inger Johanne Stenberg / NRK

– Kanskje dette er tida for å marknadsføra seg, bruka tid på å bli kjent med oljeselskapa, ingeniørselskapa og verfta for å ha betre relasjonar til dei seinare, når det er betre konkurranse, seier ho.

Ho trur det lønar seg å sjå mot dei store ingeniørknutepunkta, anten i London, Houston, Milano eller Paris, der ingeniørselskapa sel seg inn til større grupper av selskap.

– Sjølvsagt er det tøft, men moglegheitene finst.

Vil henga seg på dei store

Det at krona også er svak for tida, er god draghjelp for dei som vil ut.

– Krona kan vera med å hjelpa oss, men eg trur at det heller er trua på den teknologien me utviklar, seier Sandbekken.

– Lat oss få ein base her i Noreg, og utvikla eit produkt som kundane våre likar. Me har klart å få eit fotfeste hjå dei store operatørane på norsk sokkel, og no må me prøva å vera med dei vidare ut globalt. Me ser lyst på det, avsluttar han.

Flere nyheter fra Rogaland