NRK Meny
Normal

Hissar seg ikkje opp av ulovlege Vålerenga-spelarar - blir mest trist på sportens vegner

Vålerenga har delar av sesongen brukt to spelarar som ikkje har arbeidsløyve i Norge, blant anna i seriefinalen mot Stavanger Oilers. Men Oilers-eigar Tore Christiansen blir meir trist på sporten sine vegner enn sint på Vålerenga.

Årets seriemester i ishockey, Vålerenga, har brukt to utenlandske nøkkelspillere uten arbeidstillatelse. Begge var sterke bidragsytere til at Vålerenga vant den tette kampen - mot Oilers - om seriegullet.

«SIT HEIME OG PUSSAR SØLVMEDALJEN». Oilers-eigar Tore Christiansen blir ikkje sint på Vålerenga, men håpar forbundet ryddar opp i regelverket.

– Dette er veldig trist med tanke på sportens renommé – at me framleis har denne type saker. Det er så mykje positivitet rundt idretten no, og å surra med slike ting... Eg blir lei meg på generell basis, seier Christiansen.

Spelarane Eric Chouinard (33) og Brendan Brooks (35) frå Canada var sterke bidragsytarar til at Vålerenga vant den tette kampen om seriegullet. Chouinard har 19 poeng på 16 kampar, medan Brooks var oppe i 27 poeng på 21 kampar.

No viser det seg at dei to ikkje har arbeidsløyve i Norge.

Men sjølv om Vålerenga brukte to ulovlege spelarar, vil ikkje Oilers-eigaren meina noko kva dette betyr for dei.

– Me sit heime og pussar på sølvmedaljen vår, og så får me sjå kva som skjer, seier han.

Han spelar heller pucken vidare til Norges Ishockeyforbund. Christiansen meiner forbundet må sørgja for at det finst eit sett med ordentlege lovar og reglar som gjeld både på og utanfor isen.

– Forbundet har ein ting å gjera: Dei må sjå på sitt eiget regelverk og sjå om det bryt med norsk lov. Ifølgje norske reglar må ein ha løyve til å jobba her. Dersom ikkje forbundet har lovar og reglar som fangar opp dette, så håpar eg dei legg seg paddeflate og seier «det skal me få orden på raskare enn straks», seier Christiansen.

Seriefinalen i ishockey mellom Vålerenga og Stavanger Oilers

TAPTE SERIEFINALEN: Stavanger Oilers tapte seriefinalen mot Vålerenga for kort tid sidan. No er det klart at Vålerenga nytta spelarar utan arbeidsløyve i Norge.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Forbundet veit ikkje om det bryt med regelverket

– Det er alvorleg å bruka personar som ikkje har arbeidsløyve. At ein hockeyklubb gjer dette ser me svært alvorleg på, Dei må sjåast på som ein profesjonell arbeidsgivar, seier avdelingsdirektør i UDI, Karl Erik Sjøholt til NRK.

Norges Ishockeyforbund er også på bana, men anar ikkje om dei kan straffa Vålerenga. Årsaka? Dei veit rett og slett ikkje om Vålerenga har brote hockeyforbundet sine reglar.

– Me må sjå på dette forholdet med tanke på det eksisterande regelverket, og sjå om det bryt med vårt regelverk på noko punkt – direkte eller indirekte, seier Jon Haukeland, generalsekretær i Norges Ishockeyforbund.

– Me føreset at alle våre klubbar steller seg til norsk lov, uansett om det er beskrive i vårt regelverk eller ikkje. Det gjeld ikkje minst arbeidstakar- og arbeidsgivarforhold. Så i den grad det er eit sånt forhold, er det noko me må sørgja for at fangas opp av vårt regelverk om det ikkje allereie gjer det, seier han.

Klubbdirektør i Vålerenga, Jan Tore Kjær, seier at Vålerenga har stelt seg til UDI sine heimesider i denne saka.

– Me har stelt oss til det som står på UDI sine heimesider. Det gjeld spesielt Chouinard. Det er det me har stelt oss til, og det er dei offisielle reglane, seier Kjær, og viser til eit unntak frå kravet om arbeidsløyve eller opphaldsløyve.