Kjære nyttårsgjester
Det æ en fornøyelse for meg å få ønska dokke velkomne te nyttårstreff.
Eg ska fylja en lange tradisjon – i alle fall dei 14 siste årå –
Eg ska fortelja litt om året som gjekk, litt om det som gler meg, litt om det som bekymre meg og te slutt litt om det me har framføre oss.
Kæ he skjedd i året som gjekk?
For et år si, fortalde eg om Kleppheimen som va midt i rehabilitering, og kor goe de va te å stedla og gje omsorg midt oppi flytting og byggesjau.
Nå æ Kleppheimen ferdige igjen. I 3. etasje bur det sjukeheimspasientar. Og i 2. etasje har me Ø-hjelpsavdelingen.
Den interkommunale Ø-hjelpsavdelingen æ ikkje meir enn 2-3 mnd gammale, men æ allerede viden kjent. Klepp æ vertskommune for naboane Time, Gjesdal og Sandnes. Me har 12 senge, der en rekne med at Sandnes trenge 6 av de, og Time, Gjesdal og Klepp trenge 2 kver. Dette æ bare retningsgjevande. Dei som trenge å koma, får koma – sama kefforen av desse kommunane de bur i.
Tanken bak Ø-hjelpsavdelingen æ å unngå sjukehusinnleggelsar. Den eina siå æ kostnader. Samhandlingsreformen gjorde kommunane ansvarlige for kostnadene med sjukehusinnleggelsa. Så viss me klare å ta oss av folk sjøl, så æ det billigare økonomisk.
Den andra sidå – og den avgjerande for suksess – æ at det æ bedre for pasientane.
Det æ nemligt bare dei som har det bedre på ø-hjelpsavdelingen enn på sjukehuset som ska på ø-hjelpsavdelingå.
Det æ dei som har en avklarte diagnose – de har kanskje diabetes, kols eller ekstrem svangerskapskvalme for å bare nevna nogen få. De trenge ikkje reisa te sjukehuset for å finna ut kæ så æ gale. Det æ det ingen tvil om. Men de æ verre nå. Så de trenge noge ekstra. Opptrapping av medisiner, påfylling av væska og næring og overvåkning. Det æ kort og godt ikkje greit å vera heima, men sjukehuset va litt vel møje. Sjukehuset ska ha en nye rolle. De ska finna ut kæ som æ gale, peika ut en plan for medisinering og evt operera, og så ska me heim. Heim te kommunen.
Då må jo kommunen verta så goe på stelle og omsorgsdelen som sjukehuset æ. For heilt nye pasientgruppe enn kommunen tidligare har hatt på overnatting.
Akkurat det ser det ut som om me har klart.
Det va veldigt lett å få tak i sjukepleiarar te ø-hjelpsavdelingen. Og for nogen faglig sterke proffe erfarne søkarar me fekk!
Et vikariat på 7 mnd, ska ver så godt som umuligt å få søkarar te, for ken vil gje opp den jobben de har for noge så kortvarigt og usikkert som 7mnd-vikariat?
Der fekk me søkera i fleng!
Erfarne sykepleiarar i krevande og utfordrande jobbar som ville ha nye utfordringar i ø-hjelpsavdelingen.
Me har en lege på full tid. Og egen legevaktordning på kveldstid. Legevakten på ø-hjelpen æ og legevakt for alle sjukeheimane i desse 4 kommunane. Tidligare va det den vanlige legevakten på Klepp og Sandnes som tog seg av sjukeheimane midt oppi alt det akutta som ellers skjer på legevakten. Nå æ det en legevakt som kun har ø-hjelp og sjukeheimar. De blir meir spissa.
Ø-hjelpsavdelingen har på bare 2-3 mnd fått et høgare belegg av pasientar enn dei andre avdelingane rundt om i landet som har starta opp før oss. Det tyde på at det framstår som et trygt og forsvarligt tilbud som både legevakten og pasientane tåre å bruga. Det kjæme nå delegasjona i frå mange kroker av landet for å høyra koss de får det te.
Det va langt og lenge om det som va jillt. Men eg seie det fordi dokke kan havna i en situasjon der dokke sjøl eller nogen nære dokke får sjansen te å koma på ø-hjelpsavdelingen. Og då kan dokke veda at det æ en trygge goe plass å ver – nesten heima, og nimme for folk å besøka.
Kvardagsrehabiliteringå æ godt i gang. Eldre folk som dette og brekke lårhalsen eller æ innlagde på sjukehuset med en skikkelige lungebetennelse, kjæme ofta ut igjen med et møje dårligar funksjonsnivå enn de hadde før de vart sjuge. Den gamle måten å tenka på, va at me sa: ok nå klare du ikkje knyta sko, kle deg, laga mat, vaska klær og handla, så me får hjelpa deg med det.
Nå sette me inn intensive hjelp i nogen vege i starten. Der me seie: Kæ æ det viktigaste for deg å klara sjøl: Vaska deg: Greit me trene deg opp så du klare det. Så prøve me å trena deg opp te å eta sjøl og. Og gjer deg så trygge at du klara fota deg ute og gå på besøk te dei du vil.
De får hjelp te sjølhjelp og har knallharde trening på det som de vil klara. Og de varte goe.
De ende opp med å klara seg som før eller neste som før.
Viss de då ittepå trenge litt hjelp te å vaska golvene eller kæ det nå va de ikkje klarte trena seg heilt opp te, så får de det i den vanlige heimahjelpstenesten.
Eg høyre at innbyggjarane som he fått denne hjelpå æ evigt takknemlige. De har fått helså tebage.
I skulen helle me på med et samarbeid med nabokommunane som hette Jærskulen. Dette går ut på å jobba i lag med nabokommunane om kompetanseheving i skulen. Målet æ at Jærskulen ska verta kjent øve heila landet som de beste skulane med de beste lærarane og de flinkaste elevane.
Me har vorte fleire innbyggjarar si sist. De siste talå æ ikkje klare, men SSB har berekna at me sannsynligvis æ 18.566 innbyggjara i Klepp nå. Det æ 339 nye det sista året, og veksten for 2013 æ då 1,86%.
På SSB sine nettsider står Jæren spesielt nevnt som en plass der det verte fødde møje unga.
Viss me ser på talå fram te og med 3. kvartal, så har faktisk 34 fleire flytt ut av Klepp enn inn. 861 flytte ut av Klepp, og 827 flytte inn. 175 kom te Klepp i frå andre land. Og 62 flytte frå Klepp og te et aent land. Heile 216 unga va fødde ved utgangen av 3. kvartal.
Netto innvandring: 113 inn
Netto innenlandsflytting: 34 ut av Klepp
Netto fødselsoverskudd: Fødde minus døde: 147
11% av oss i Klepp har innvandingsbakgrunn. Og det æ fordelt på 94 nasjoner.
Innvandrara i Klepp med universitetsutdannelse kjæme i hovedsak frå Polen, Litauen og Tyskland. Blant innvandrarane i Klepp med universitets og høgskuleutdanning æ det faktisk 40 fleire kvinne enn menn!
I 2012 hadde kommunevåpenet te Klepp 40 års jubileum. BILDE PÅ SKJERM
Kommunevåpenet vart tegna av Jørgen Otteren. Det breia korset ska symbolisera steinkorset på Krosshaug. Våpenet vart godkjent ved kongeleg resolusjon 18. februar 1972.
I 1974 fekk Klepp kommune for fyste gong ordførerkjede.
Det vart lagt i 1973, og gitt kommunen i 1974.
Kommunen fekk det av Kverneland Fabrikk AS.
Dette æ gravert bak på det nedersta leddet med kommunevåpenet.
Det æ i sølv – 925s
Gullsmed Kristophersen har laga to beskrivelser av ordførerkjedet. Eg ska lesa litt frå begge:
Formannskapet hadde møte den 5. august 1974 itte at kommunen hadde fått kjedet. De lagte reglar for bruk av ordførarkjede.
Eg lese reglane.
Det æ faktisk sånn at du kan bare bruka ordførerkjedet i egen kommune. Du kan ikkje opptre som ordfører i nogen aen sin kommune. Du æ jo kun ordfører i egen kommune.
Eg vett at Elfin Lea vart inviterte te Oslo i forbindelse med et stort flott arrangement i lag med adle ordførarane i landet. Han vart inviterte med ordførerkjede. Det va avklart med ordføreren i Oslo.
Eg har fått lov av ordføreren i Sandnes te å bære ordførerkjedet på Foss Eikeland i Sandnes. Då va eg og Stanley Wirak og åpna hestastevne.
Eg har og fått lov te å bæra kjedet i Time kommune når eg har spurt Reinert Kverneland. Me har fleire bedrifter som har store jubileer med ansatte i lang og tro tjeneste. De feire det ofte på Bryne Kro og hotell eller Jæren hotell i Time.
Me har og et næringsbygg i Vardheiå, Nordlysveien 7, som ligge midt på kommunegrenså mellom Klepp og Time. ABB helde te på Klepp siå og IKM helle te på Time siå. Kantinå ligge i midten. Når dei to bedriftene he arrangement, så skjer det i kantinå. Står du litt for langt sør for prosjektoren, så æ du i Time. Der har eg og Reinert gitt kverandre ståande tillatelse te å bæra ordførerkjedet uansett kor i kantinå du befinne deg.
Når me sko åpna Ø-hjelpsavdelingen, va ordføraren i Klepp på reise i Bosnia hos vår prosjektsamarbeidskommune Donji Vakuf. Då tenkte eg at her må det 3 ordførerkjede te for å erstatta dette fina her, så eg inviterte ordførarane i Time, Gjesdal og Sandnes te Klepp med kjede.
Det hende eg må ringa eller senda en SMS te Elfin og spør: eg ska på sånn og sånn – æ det en kjedeanledning?
Elfin sitt generella råd æ en vidareføring av §0.
Du ska ha litt lågare terskel for de eldste og de yngste.
Akkurat det ser eg at eg kanskje har endå meir glede av enn Elfin.
Det æ ikkje sjelden eg tenke at eg må nok ta på kjedet, så de forstår at ”ja det æ visst hu unga blonda som æ ordførar, og han der vaksne maen æ visst rådmaen ja”.
Kæ bekymre eg meg øve:
Eg må sei at økonomien i kommunen bekymre meg. Utfordringane te kommunen står ikkje i stil med inntektene. Heller ikkje forventningane te innbyggjarane står i stil med kæ kommunen klare stilla opp med.
Kommunen har mange roller.
An ska sørga for infrastruktur i kommunen. Enten det gjelde vann, avløp, renovasjon, boligbygging, informasjon i krise eller kæ det sko ver.
An ska utdanna de små håpefulle og gje de den beste mulige grunnutrustningå for å få seg et godt liv.
Oppi der ligge det både skule,
ppt – for å oppdaga og hjelpa dei som har større utfordringar enn gjennomsnittseleven,
barnevern - for å sørga for at alle ungane har en trygge heim og en goe oppvekst,
helseteneste – du må ha goe helsa for å kunna yta best muligt og konsentrera deg om læring
samarbeid med politi og rettsvesen – for å hanka inn dei som forville seg ut på rabaskap, og hjelpa de vidare
Kommunen ska og ta seg av de vaksne
De litt sjuge og de veldig sjuge
Dei med veldig dårlige økonomi
Dei som ikkje får seg tag i en heim te å bu i
Dei som ikkje klare å ta seg av ungane sine, eller bare av å te klare det
Dei som ruse seg
Dei som trenge folk rundt seg døgnet rundt for å øveleva, enten det æ psykiatri eller spesialsykepleie som trengs
For fleire vaksne kan me kryssa av på mange av desse. Det ska møje te for å dra de opp på et greit nivå, et minimum.
Kommunen ska ver sikkerhetsnettet – uten å ver ei kvileputa
Kommunen ska gje folk en mulighet te å klara seg – og kreva litt egeninnsats
Kommunen ska sørga for at alle har et minimum te å klara seg og det æ vanskeligt å definera
Samfunnet rundt oss her i Rogaland æ i en voldsomme økonomiske utvikling. Sjå kor fine kontor folk har på jobb, sjå kor goe lønn folk har når de jobbe i oljå. Eller sjå kor utruligt godt interiørbutikkar og håndtverkerbedrifter går.
Så godt klare ikkje kommunen stilla opp.
Kommunen klare ikkje lønna lærarar, førskulelærarar, sjukepleiarar og aent helsepersonell så godt så oljå. Og det æ dei som ska læra opp dei unge håpefulle. Dei som ska ta øve oljå. Og det æ dei som ska ta vare på dei som varte gamle og sjuge. De ska ta vare på dei så pensjonere seg frå oljå.
Kommunen klare ikkje stilla opp med så fine lokaler. Eller pussa opp så skula, barnehager og sjukeheimar æ freshe og trendy sånn så me har det heima.
Eg har fått bilde frå elevrådet på Kleppe Skule. Flisene dette av veggene på do. Og der æ hål i taket øve do.
Eg har ikkje svart på den eposten endå. For eg vett ikkje heilt koss eg ska forsvara og forklara det. Men eg har tenkt møje på det. Og det eg tenke æ at eg vett at det blir prioritert møje rett. Me bruke heller pengar på en lærar te enn på nye flise på do. Så lenge doen virke og det ikkje æ urimele ekkelt å gå der. Eg har forsikra meg om at alle do på alle skula æ i enerom. Altså at ingen kan stikka håve onna dørå og kikka inn. Det æ jo ikkje så verst.
Me snakka møje om godt nok for tiå.
Kæ æ godt nok?
Og kæ æ et minimum?
Kor lange tid æ lenge nok i heimehjelpen?
Og ken si grensa for ”ekkelt” gjelde?
Dette æ det som eg bekymre meg mest øve for tiå. Og det vett eg at resten av dei folkevalde gjere og.
Me ser stigande behov, stigande kostnader og ikkje fullt så stigande inntekte.
Kommunen må jobba annerledes. Kommunen må hjelpa annerledes. Dette må me for å nå øve alle.
Samhandlingsreformen va en start på dette. På å jobba på en lurare måte for å hjelpa fleire folk bedre. Me ser at det virke og glede oss øve det.
Så kan me jo setta oss ner og sei at dette går ikkje……….
Eller me kan sei at me har fått muligheten te å forandra kommunen te ei nye tid og nye utfordringer. Det æ jo det me æ valde te å gjer.
Me får lov te å forma kommunen sånn så an bør ver frå nå av.
Det ska me gjer.
I lag med de ansatte og i lag med innbyggjarane.
Me æ allerede godt i gang.
Eg æ imponerte øve kor goe de ansatte æ. Dei kjenne utfordringane best og de brette opp armane og foreslår endringar som dei trur kan gå an.
Så må me alle ver klar øve at forandring gjer vondt. Forandring skape usikkerhet og frykt for det ukjenta.
Men det kan godt ver at det føre te noge godt.
Eg håbe det æ lov å bruga kontaktsenteret som eksempel.
Det vart foreslått og seinare bestemt at kontaktsenteret sko flytta frå en ende av Fredheimsbygget te en aen. Det va oppstandelse og opprør. De hadde det så godt der de va, og kunne ikkje sjå for seg at det kunne gå an å få det i nærheten av så godt nogen aen plass.
I dag har de nye gode lokale i den andre enden av bygget. Og de æ kjempefornøyde. Eg ska få lov å koma å sjå hos de nå i januar.
Og – ei tøffe dama har fortalt meg at den saken vekkte hennas engasjement for politikk. Så nå engasjere hu seg og fylle med i andre saker som gjelde innbyggjarane i Klepp. Det æ eg veldig glae for at hu gjer. Det sko bare endå fleire gjort.
Der æ en ting te som eg bekymre meg øve. Og det æ noge me må løysa i lag.
Eg og rådmann Ivar va sjå Fylkesmannen i lag med andre ordførara og rådmenn.
Fylkesmannen presenterte en statistikk øve fråfall frå vidaregåande skule. Altså ungdom som ikkje gjere seg ferdige med skulen dei fyste 5 årå de he sjansen.
Klepp toppa statistikken. Og ikkje på den goe måten…
Kæ æ det så gjere at ungdommane frå Klepp ikkje tæge utdannelse? Kæ æ det så gjer at di ikkje har fått med seg at goe tide ikkje vare evigt. At når de dårlige tidene kjæme, og bedriftene må permittera og sei opp, så æ det dei som ryke fyst. De ufaglærte.
Dette kan me ikkje slå oss te ro med.
Kæ kan me gleda oss øve i tiå så kjæme:
Skulen på Tu blir bygde nå. Me va litt nervøse for de uferdige byggverkå onna stormane, men det ser ut som om det gjekk utruligt godt. Går alt fortsatt itte planen, så ska elevane på Tu få bruka den nye skulen frå januar 2014.
Me æ i gang med planlegging av nye ungdomsskule i lag med Time. Det ser ut det å verta en nye felles ungdomsskule i Tu/Vardheiå/Bryne området. Og seinare kanskje en nye felles skule i Orstad/Frøyland området.
Eg æ glae for at me kan sjå øve kommunegrensene og tenka ”kæ æ best for bygdå og elevane?”.
Me går frå et jubileumsår te et aent.
I 2013 va det 100 år si kvinne fekk stemmerett på lik linja med mannfolkå. Det vart markert, og det æ altså derfor det står en rollup av den fyste kvinnelige kommunestyrerepresentanten og en av den fysste kvinnelige ordføraren i Klepp. Har fått nogen spørsmål om den…
I 2014 æ det 200 år si grunnloven vart vedtoken. Grunnlovsjubileet ska feirast i Klepp kyrkje den 18. mars kl 18.14, som for Klepp æ den historiske dagen i så måte.
3. august 2014 æ det 100 år si Trygve Gran føyg øve Nordsjøen og landa på Reve. Det ska me selvfølgeligt feira. Me planlegge en spennande dag for heile familien.
Eg æ sikker på at me ska få møje aent og å gleda oss øve i 2014.
Eg vil takka adle som har kome her i dag for å hedra dei som me æ så stolte av, og for å delta i en litt høgtidelige men koselige markering av at me går inn i et nytt år, med blanke ark og nye muligheter.
Te slutt har me en tradisjon te.
Me ønske kverandre et godt nytt år. Eg telle ned frå tri te enn og adle stemme i:
3 – 2 – 1 GODT NYTT ÅR