Kjære alle saman!
Godt nytt år! Velkomen til 2015! Velkomen til denne tradisjonsrike nyttårsmottakinga her på Vitengarden Jærmuseet. Spesielt ønskjer eg velkomen dei som i dag skal ta imot utmerkingar av ulike slag. Me er og så heldige at me har Vind i gardhol med oss.
Nå legg me bak oss 2014, eit godt år for Hå kommune! Og me kan sjå framover til eit nytt år, til 2015, med utfordringar og moglegheiter.
Kommuneplan og visjon
For tre veker sidan, den 10. desember, vedtok eit samrøystes kommunestyre ny kommuneplan for Hå kommune 2014-2028.
Kommuneplanen skal vera eit styringsverktøy for politikarar og administrasjon, som skal løfta Hå kommune inn i framtida.
Kommuneplanen byggjer på ein langsiktig arealstrategi, som har som mål å detaljera langsiktig grense mellom tettstadane og landbruket. Langsiktig grense mot landbruk vil vera ei av dei viktigaste rammene for å styra arealbruken framover.
Det har i prosessen vore eit godt engasjement frå innbyggjarane, rekordstort frammøte på alle folkemøta og i ettertid kom det inn 100 skriftlege innspel til planen. Dette er innbyggjarinvolvering på sitt beste.
Det er i kommuneplanen også vedtatt ein ny visjon. Denne visjonen tar utgangspunkt i kommunevåpenet og steinbukken. Ein enkel, men samtidig kraftig visjon; ME LØFTER I LAG! Den ønskjer eg skal sitja spikra både hos politikarar og tilsette i kommunen, og det må vera eit mål at flest mogleg av Hå sine innbyggjarar kjenner visjonen. Eg er ikkje i tvil om at me i fellesskap skal lukkast.
Økonomi og rigging for vekst
Befolkningsutviklinga i Hå kommune viser at me innan 2018 kan passera 20 000 innbyggjarar i kommunen. Me riggar for vekst. Me er takknemlege for denne veksten, for det seier noko om at folk ønskjer seg til Hå. Men veksten kostar og byr på utfordringar. For å oppretthalda det gode tenestetilbodet må kommunen i åra framover auka gjelda betydeleg. Med god økonomistyring skal det gå bra. Mest av alt er det eit privilegium at folk ønskjer å koma til Hå og at dei ønskjer å busetja seg her. Det er eg som ordførar stolt over.
Jærrådet og kommunereforma
Jærrådet er eit interkommunalt samarbeidsorgan mellom kommunane Time, Hå, Klepp, Gjesdal og Sandnes . I 2014 har kommunereform stått på dagsorden i Jærrådet. Ein har i Jærrådet kome godt i gang med ein prosess som ser på framtidig kommunestruktur.
26. november var formannskapa i 8 kommunar, Jærrådet + Stavanger, Randaberg og Sola, samla med mål om å starta analyse av lokaldemokrati og samfunnsutvikling som er kriterier i ekspertutvalet sin rapport. Det blei sett på styrker og utfordringar på desse områda, og framtidige moglegheiter og hindringar på dei same områda. Dette var ei konstruktiv samling. Me veit ikkje korleis kommune-Noreg ser ut om 10 år, men me veit at me har lagt eit godt grunnlag for dette arbeidet. Inga avgjerd om kommunesamanslåing er tatt. I samband med dette arbeidet skal kommunane involvera innbyggjarane, mellom anna med folkemøte. Kommunestyra i kommunane tar den endelege avgjerda. Det er ikkje bare innanfor dette området me samarbeider med nabokommunane.
Skule
Det pedagogiske utviklingsarbeidet i skulane blir gjort i samarbeid med Klepp, Time og Gjesdal. Dette fellesprosjektet blir kalla Jærskulen og har fokus på å skapa god skulekvalitet på Jæren.
Samarbeidet har ført til at ein får nye impulsar, ein drar nytte av andre sine erfaringar og får diskutera skuleutvikling med lærarar i dei andre kommunane.
Ut over dette har Hå kommune særleg satsa på å utvikla den digitale kompetansen til elevane. Det har vore investert mykje i pc’ar dei siste åra. Dette har gjort læringsarbeidet lettare.
I skulane har ein arbeidd mykje med det psykososiale miljøet. Eit godt skulemiljø må vera på plass for at elevane skal kjenna seg trygge og kunne læra. Arbeidet er todelt: Foreldre og elevar skal oppleva at dei blir tatt på alvor og at det blir sett i gang tiltak om skulen blir kjent med mobbing. I dei fleste tilfella klarer skulen og heimen saman å løyse utfordringa og få slutt på mobbinga. Skulane skal også arbeida aktivt for å førebyggja mobbing. Dette blir gjort gjennom ulike aktivitetar og opplegg som skal gjera elevane betre kjende med kvarandre.
Det er også gledeleg at læringsresultata i skulen har betra seg dei siste åra.
Og med den store veksten som kommunen opplever, må det som tidlegare nemnt store investeringar til.
Byggjearbeidet med nye Bø skule er i gang og skulen er planlagt ferdig til skulestart 2016. Skulen har plass til 550 elevar og kjem på 370 mill. I denne summen ligg og ein stor fleirbrukshall, til glede for mange.
Dette året vart det også gjort vedtak om å byggja ny skule på Ogna, for 300 elevar. Denne skulen kjem på 190 mill. og får liten fleirbrukshall og kombinasjonsbibliotek.
Demokrati for dei unge
I Hå kommune ønskjer me å ta dei unge på alvor. 6. november var det for første gong i Hå møte i barn og unges kommunestyre. 36 representantar frå skulane i Hå var samla. Elevane kom med engasjerte og gode innlegg og spørsmål, og det blei ein god og lærerik dag.
Hå kommune har blitt valt ut som ein av 20 kommunar i landet til å delta i forsøksordning med stemmerett for 16- og 17-åringar ved kommunevalet i 2015. Dette er me stolte av, og me gler oss. Me håper at dette kan bidra til eit auka engasjement rundt samfunn og politikk i denne aldersgruppa. Me politikarar må tenka annleis i valkampen når me har ei heilt ny målgruppe. Dette blir spennande.
Barnehage
Også dei minste barna i kommunen er me opptatt av at skal ha det beste tilbodet. Barnehagen skal vera ein trygg plass, ein plass for utvikling og ein plass for relasjonsbygging. Kommunal kontantstøtte til barna er 3 år legg til rette for foreldre kan vera lengre heime med barna. Som Høyre-ordførar er eg glad for at me kan bidra til valfridom på dette området.
Kommunen er ansvarleg for kvaliteten i barnehagane. Dette året har det blitt vedtatt ny barnehagebruksplan. I vedtaket ligg det mellom anna:
Det er eit mål å oppnå tilnærma likeverdig kvalitet og god funksjonalitet i alle barnehagebygg.
Nye barnehagar bør vera relativt store (ca. 100-120 barn) for å gi eit robust fagmiljø og lågare driftskostnadar.
Nye barnehagar bør fortrinnsvis etablerast i dei mest folkerike og sentrale delane av kommunen for å få eit stort nok opptaksgrunnlag som er stabilt over tid.
Det er eit sterkt fokus på å rekruttera fleire og å behalda formell kompetanse i barnehagane. Satsinga skjer mellom anna gjennom
eit leiarutviklingsprogram for styrarar, ei kursrekke for pedagogiske leiararar, interkommunalt samarbeid for å leggja til rette for at assistentar kan ta fagbrev som barne- og ungdomsarbeidarar, rettleiing for nyutdanna og gode stipendordningar.
Det er lovfesta rett til barnehage, og kommunen er ansvarleg for å ha nok plassar. Per i dag har alle barn i kommunen som har rett på barnehageplass fått tilbod om det. Veksten me opplever fører til at me må investera også her.
Motlandsmarka barnehage på Nærbø er vedtatt og grunnarbeidet er i gang. Målet er at barnehagen skal stå ferdig til årsskiftet 2015/16. Denne barnehagen får kapasitet til meir enn 100 barn.
Kultur
I 2014 var Hå kommune 50 år. I samarbeid med frivillige og profesjonelle krefter vart det ei vellukka feiring av jubileet med folkefest i Nye Loen. Det var i tillegg ein jubileumsfest på Varhaug misjonshus for alle som har vore med i kommunestyret desse 50 åra. Tidlegare fylkesmann Tora Aasland hadde skrive ein jubileumsprolog som ho framførte på denne jubileumsfesten. Det vart også gitt ut eit jubileumsskrift.
I september arrangerte Hå folkebibliotek debatt om kommunesamanslåing. Arrangementet var ein del av Hå kommune si 50-årsfeiring. Det vart ein god debatt, og ordføraren var sjølv ein av paneldeltakarane.
Hå kommune markerte også 200-årsjubileet for Grunnlova. I markeringa blei det særleg satsa på å involvera ungdom. Ungdomsrådet og Lensmannsløa fritidsklubb hadde møte med ein forfattar frå Zimbabwe der dei diskuterte demokrati. Elevar ved Varhaug ungdomsskule diskuterte ytringsfridom og stemmerett med ein iransk forfattar.
På Hå gamle prestegard blei det vist ei utstilling om nasjonalromantikk i kunsten, og det var foredrag om den norske bonden.
På prestegarden blei det og vist ei fotoutstilling om garden Bjelland i Hå. Ein fotograf var med Edvard Bjelland eit heilt år, og fekk slik syne livet på ein gard slik det såg ut for fleire generasjonar sidan.
I 2013 og 2014 har kommunen hatt ei storsatsing på kulturhistorie med utgjeving av eit bokverk om Hå, i samarbeid med universitetet i Stavanger. Dette er fire godt illustrerte bøker på til saman 2000 sider. Verket har blitt godt mottatt, og i tillegg til å vera eit bokverk for fleire generasjonar Hå-buar er det også eit nyttig læremiddel i skulane.
Hå kommune har gått saman med Jæren friluftsråd og Jæren kystlag om bygging av museumsbygg for «giggen» frå det forliste russiske linjeskipet Ingermanland. Bygget blei ferdig i 2014 og står ved Kvassheim fyr.
Musikal- og operasatsinga til Hå kulturskule har fått mykje merksemd, også nasjonalt. Våre elevar er nå med på Oslo Operafestival kvar haust. Både elevar og lærarar er svært aktive og er med i førestillingar og arrangement i kommunen, året rundt.
For sjette året på rad arrangerte Hå kommune dansekonkurransen King of Swing. Deltakarar er niandeklassingar. Joggesko og dongeribukser blir bytta ut med svarte dressbukser, nystrokne skjorter og fine kjolar. Dette året vart Varhaughallen forvandla til dansesal. Ein av dei beste kjenslene nokon gong, oppsummerte det lukkelege vinnarparet. Eg var sjølv i salen, og eg blei imponert av ungdommane som deltok i konkurransen. Det var eit flott arrangement.
I september besøkte Kulturminister Torhild Widvey Jærmuseet og Vitengarden. Dette er eit flott anlegg, og her står mykje spennande på programmet. Her får barn og unge «læra ved å gjera». Dei får sjå samanhengen mellom natur, kultur og teknologi. Godt samarbeid med barnehagane og skulane i kommunen gjer at mange får prøvd seg i utstillingane. Frå tidleg alder får dei ein unik sjanse til å sjå vitskapelege samanhengar og pirra utforskartrongen.
Helse og sosial
Vinkelbygget psykiatribygg blei ferdig våren 2014 og opna av statsråd Bent Høie. Klokkartunet framstår i dag som eit kraftsenter for tenester innan psykisk helse og rusvern. Heimetenesta, dei ulike butenestene, inkludert Vinkelbygget, og eit aktivitetssenter er alle lokaliserte på området.
Eldreplanen er vedtatt. Her blir det skissert korleis eldreomsorga for dei neste 4 åra blir. I tillegg blei det i desember vedtatt to ekstra etasjar på sjukeheimen på Nærbø, med byggjestart 2016. Det er viktig for kommunen at ei aukande mengd eldre skal ha eit godt tilbod. Ein skal sikra innbyggjarane eit verdig liv og ein verdig alderdom, det skal vera godt å bli gammal i Hå.
I 2015 startar arbeidet med igangsetting av kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi. Dette kan gi moglegheiter for at folk kan få bu heime endå lengre.
Klokkarhagen sjukeheim skal vera med i eit forskingsprosjekt saman med Universitetet i Stavanger og Nordlandsforskning for å kartleggja innovasjon i demensomsorga. Demens er eit stadig aukande helseproblem i Hå. Det er gledeleg at Hå kan vera med å bidra i forsking, med mål om å gjera det lettare å leve med demens.
Tekniske saker og næring
Det var dramatisk i august då det var flaum på Vigrestad. Plutseleg var Vigrestad på nyheitene landet over. 15-20 bebuarar i eldrebustadar og dagsenter blei evakuerte. Brannvesenet måtte bera dei ut. Det var skremmande å sjå korleis naturkreftene herja. I ettertid har kommunen fått svært gode tilbakemeldingar på handteringa av krisa, og det er eg som ordførar stolt av.
Det er gledeleg med den inngåtte avtalen mellom Prima og Nortura, og at denne nå i haust endeleg blei godkjent av Konkurransetilsynet. Denne avtalen opnar opp for ny stor satsing i Kviamarka, der det på eigedomane til Prima og Nortura vil gå føre seg byggjearbeid dei neste 3-5 åra. Produksjonen til Nortura Forus blir flytt til Kviamarka. På lenger sikt vil sannsynlegvis dette resultera i at heile produksjonen til Nortura vil liggja i Kviamarka, og talet på arbeidsplassar i Kviamarka kan bli fordobla. Dette vil forsterka Kviamarka som senter for næringsmiddelindustri i Noreg. Dette betyr mykje for næringslivet i kommunen.
I løpet av 2014 har me godkjent mange reguleringsplanar, og fleire større anlegg er vedtatt og påbegynte. Det er stor aktivitet i denne etaten.
Det er gledeleg at me etter mange års arbeid har fått avtale med fylkeskommunen om bygging av gang- og sykkelveg og opprusting av Buevegen frå Prestakrysset til Skrettinglandvegen. Eg håpar dette kan vera starten på ein vidare opprusting av Buevegen.
Omkøyringsveg Nærbø, Bernervegen – Bjorlandsvegen og omkøyringsveg Vigrestad, Småhaugane – Småhaugvegen, er sendt ut på anbod med forventa byggestart på nyåret 2015.
Det er gledeleg at me fekk gjennomslag for deling av Jæren-pakken, med ein eigen pakke for Sør-Jæren. Dette har ført til at me får eigne utbyggingsprosjekt i kommunane Klepp, Time og Hå. Her kan eg nemna fv 504 og 505 og fv 44. Planarbeidet med Sør-Jæren-pakken har allereie starta.
Også planarbeidet for dobbeltspor på Jærbanen frå Sandnes til Nærbø har starta. Eg meiner at dette er eitt av dei viktigaste samferdselsprosjekta i regionen, og det svært gledeleg at me i løpet av tre år har fått gjennomslag for dette. Målet må fortsatt vera at dette arbeidet skal vidareførast til Eigersund. Her har kommunane frå Eigersund til Stavanger gått saman i eit prosjekt for å fremja kor viktig denne satsinga er. Også her kan me sjå kor mykje ein kan oppnå ved å løfte i lag.
Stokkalandsmarka
Det er blitt gjort avtalar om grunninnløysing på fleire hundre dekar utbyggingsareal i Stokkalandsmarka. Dette er eit viktig grep for å sikra areal for utbygging på uproduktiv jord. Dette er viktig i eit jordvernperspektiv, og det er viktig for landbrukskommunen Hå. Det er og viktig i eit større perspektiv i Jær-regionen, for å ta vare på landbruksjorda.
Det er utarbeidd forslag til reguleringsplan for ny omkøyringsveg nord for Brusand, frå fv 44 til Stokkalandsvegen, klar for sluttbehandling rett over nyttår 2015.
Det er utarbeidd forslag til reguleringsplan for nytt bustadfelt i Stokkalandsmarka (330 bustadar), klar for sluttbehandling rett over nyttår 2015.
Landbruk
Hå kommune er landets største husdyrkommune og Rogalands største landbrukskommune. Denne posisjonen har me som mål at me skal behalda. Matproduksjon og -foredling med forsking og utvikling er rangert som den nest viktigaste næringa i Rogaland, etter oljeverksemda. I januar var landbruks- og matminister Sylvi Listhaug i Hå kommune. Ho var invitert til det store landbruksmøtet som tradisjonelt blir haldt siste måndag i januar i Varhaug idrettspark. Hå kommune har blitt ein del av dette arrangementet, og det er nå eit samarbeid mellom Sparebank 1, Bondelaget i Hå og Hå kommune. I fjor var det besøksrekord, med ca. 750 deltakarar. Dette møtet har utvikla seg til eit av dei viktigaste landbruksmøta i Rogaland, og kanskje eit av dei største i landet. Nytt offensivt møte kjem på nyåret, også dette året med landbruks- og matminister Sylvi Listhaug som deltakar.
Regjeringa har som mål at matproduksjonen skal aukast i landet framover, og landbrukskommunen Hå skal ta sin del av denne veksten, både når det gjeld primærleddet og i foredlingsindustrien.
For Hå kommune som den store landbrukskommunen er det viktig at vi har ei fagleg sterk nærings-/landbruksavdeling som kan vera ein rettleiar og pådrivar for den moderne, engasjerte og produksjonsvillige Hå-bonden.
Vegen vidare
Som me ser, er aktiviteten stor innanfor alle sektorane. Tre ministrar har besøkt kommunen i året som gjekk, og det vitnar om at ting skjer. Me veks, me riggar for vekst, og me er sikre på at me skal klara å møte veksten fordi me skal løfte i lag.
18. august begynte Anne Berit Berge Ims som rådmann i Hå. Eg vil takka rådmannen, kommunalsjefane og alle tilsette i Hå kommune for arbeidet som er utført i 2014. Eg vil takka kommunestyret, formannskapet og utvalsrepresentantane for samarbeidet og det politiske arbeidet som er utført i 2014. Takk til alle de som gjer ein innsats for kommunen og lokalsamfunnet. Og takk til alle som bur og har sin arbeidsplass i kommunen.
Det er eit privilegium å vera ordførar i Hå. Det visste eg då eg blei valt – og det har blitt endå meir tydeleg undervegs. Eg ser fram til 2015 og til det som ventar. Eg ønskjer dykk alle eit godt nytt år.