Helljesen, kallar det heile for rotete og som forventa.
Han fekk ikkje innsyn i dokumenta i saka, og anka derfor avgjersla om å fengsla klienten hans, anken blei høyrt i Gulating lagmannsrett i dag.
Sjølv om ein av dei sikta i mishandlingssaka i Stavanger har fått oppheva fengslinga, blir han lite truleg sleppt laus etter det NRK erfarer. I morgon er det nytt fengslingsmøte.
– Eg har eit absolutt krav på innsyn, og det fekk eg ikkje, derfor var dette som forventa, seier Helljesen til Nrk.no.
Nytt fengslingsmøte
Nå har Helljesen fått innsyn i dokumenta kan politiadvokat Karsten Monsen fortelja, og han har signert på at han har teieplikt i forhold til desse.
I morgon vil det bli nytt møte om fengsling i Stavanger tingrett for ein av dei sikta i mishandlingssaka.
– Me meiner sjølvsagt at det er grunnlag for at han framleis skal vera fengsla, avgjersla til lagmannsretten er berre basert på at det var ein feil i saksgangen, seier politiadvokat Monsen til Nrk.no.
Mishandla over fleire dagar
Det var fredag 13. august at Jonny Andrè Risvik (28) blei funnen død i ein bustad på Kampen i Stavanger. Han hadde blitt mishandla dagar i forkant.
Ein av dei som blei sikta og fengsla var ein 26 år gamal mann, han fekk torsdag oppheva fengslinga på grunn av feil i saksgangen.