Hopp til innhold

Nye avhøyr etter mogleg valdtekt av 13-åring

Politiet i Haugesund håper at vitneavhøyr kan kasta lys over kva som skjedde før og etter ei 13 år gamal jente skal ha blitt valdteken laurdag 28. mai.

Torbjørn Nervik i Sunnhordland og Haugaland politidistrikt

Torbjørn Nervik er seksjonsleiar ved etterforskingsavdelinga i politiet i Haugesund, han fortel at dei er i full gang med etterforskinga av ein mogleg valdtekt.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Me har vitne til situasjonen rundt det som blei meldt som valdtekt, og me prøver nå å klara opp i kva som er truverdig og kva som ikkje er truverdig informasjon, seier seksjonsleiar ved etterforskingsavdelinga i Haugesund, Torbjørn Nervik.

Fire menn er sikta for valdtekt eller medverknad til valdtekt av ei 13 år gamal jente i ei leilegheit i Haugesund laurdag 28. mai. Til stades i leilegheita skal det også ha vore ei jamgamal jente. Dei fire mennene er også sikta for seksuelle handlingar mot denne jenta.

To av desse mennene, ein på 19 år og ein på 20 år, blei varetektsfengsla førre tysdag. Desse to har erkjent at dei har hatt seksuell omgang med 13-åringen dei er sikta for å ha valdteke.

Siktinga står ved lag

– I tillegg til vitneavhøyra skal både dei sikta mennene og dei to fornærma jentene snart inn til nye avhøyr, seier Nervik.

Kontakten mellom mennene og jentene skal først ha oppstått på sosiale medium.