Hopp til innhold

Valdtektssikta menn erkjenner seksuell omgang med 13-åring

To av dei fire mennene som er sikta for overgrep mot to 13 år gamle jenter i Haugesund, har erkjent seksuell omgang med ei av jentene. Begge er varetektsfengsla i fire veker.

Fengslingsmøte etter valdtektssak i Haugesund

Fengslingsmøte mot ein 19 år gamal mann og ein 20 år gamal mann, som har erkjent seksuell omgang med ei 13 år gamal jente, starta klokka ti i dag.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Dei to mennene på 19 og 20 år blei framstilt for varetektsfengsling tysdag, sikta for valdtekt eller medverknad til valdtekt av ei 13 år gamal jente. Dei er også sikta for seksuell handling mot ei anna jamngamal jente.

Begge er asylsøkarar. Politiet ba om at dei blei varetektsfengsla i fire veker, mellom anna fordi dei fryktar at mennene kan stikka av.

Dei to har innrømma seksuell omgang med jenta politiet meiner har blitt valdteken.

Etter fengslingsmøtet bestemte Haugaland tingrett at dei to kan varetektsfengslast i fire veker.

Trond Gjelde, som forsvarer ein av mennene, seier at hans klient ankar kjenninga.

– For det første er det ikkje skjellig grunn til mistanke. Han har lagt til grunn at jenta var 18 år, seier Gjelde.

Mennene skal ha kome i kontakt med jentene via sosiale medium.

Ytterlegare to menn er sikta i saka, men desse blei begge lauslatne i går. Politiet understreker likevel at dei to ikkje er sjekka ut av saka.

– Nei, per definisjon heng siktinga ved dei. Etter kvart vil påtaleansvarleg ta stilling til om siktinga skal justerast ned eller eventuelt takast vekk, seier Nervik i politiet.