Hopp til innhold

Løyser familieproblem i familien

Ny rapport viser at muslimske familiar i liten grad oppsøkjer offentleg familierådgjeving, slik som barnevernet. Dei fryktar å ikkje bli forstått av dei som jobbar der.

Illustrasjonsfoto til barnevernsak
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Rapporten er laga av Senter for interkulturell kommunikasjon (SIK) i Stavanger og Stiftelsen Kirkens Familievern, og den blir presentert på Sola strandhotell, mandag morgon.

I rapporten kjem det fram at mange barnefamiliar med muslimsk bakgrunn i utgangspunktet er redde for det offentlege Norge.

Det kan skuldast erfaringar med styresmakter frå tidlegare heimland og det kan vera fordi dei er redde for kva som kan skje med familien og borna, dersom dei tar kontakt sjølve.

Også hjelpeapparatet slit

Rapporten viser at også dei norske offentlege tilsette innan familierådgjeving slit med å finne ut av familiar med framande kulturar.

Dei fryktar også at dei ikkje blir forstått skikkeleg og at årsaka til det har med kulturforskjellar å gjera.

Minoritetsfamiliar veit for lite

Det er ein generell mangel på informasjon om familierådgjeving i minoritetsfamiliar, ifølge rapporten.

Den konklusjonen har forskarane kome fram til etter å ha drive feltarbeid i muslimske familiar og i muslimske miljø i Rogaland, i tillegg til å bruke eksisterande litteratur om emnet.

Natasza Kosakowska-Berezecka og Gunhild Odden

Gunhild Odden (til venstre) er prosjektleiar og i tillegg seniorforskar og dagleg leiar ved Senter for interkulturell kommunikasjon i Stavanger. Her sit ho saman med forskarkollega Natasza Kosakowska-Berezecka.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Rapporten viser at normen i muslimske familiar er å løyse konfliktar internt. Derfor finst det i liten grad eit offentleg barne og familievern i landa dei kjem frå.

Spesielt i saker som kan ha tilknytning til barnevern kjem dette tydleg fram.

Les også: - Svært bekymret for asylbarna

Forslag til løysing

Blant tiltaka som rapporten foreslår, er å styrke den interkulturelle kompetansen hos tilsette i familievernet.

I tillegg foreslår den å starta opp eit lågterskeltilbod til flyktningar som nyleg har kome til landet.