NRK vann pressepris for Mona-saka

Historia om den vonde barndommen til Mona Anita Espedal har engasjert mange. Fredag fekk journalisten som har jobba med saka pris for arbeidet sitt.

Journalistpris til Ali

NRK-journalist Syed Ali Shahbaz Akhtar vann fredag kveld journalistprisen «Årets nyheitssak» i Sør-Rogaland for 2018. Her saman med Brennpunkt-regissør Jørn Norstrøm (t.v.) og juryformann Espen Reiss Mathiesen.

Foto: Hanne Høyland / NRK

NRK-journalist Syed Ali Shahbaz Akhtar vann fredag kveld journalistprisen «Årets nyheitssak» i Sør-Rogaland for 2018.

Det skjedde på Stavanger Journalistlag sin årlege pressefest i Stavanger.

Prisen får NRK-journalisten for arbeidet med Brennpunkt-dokumentaren «En søsters kamp» og historia om Monas-oppgjer. Med seg i arbeidet har han hatt Brennpunkt-regissør Jørn Norstrøm og fotograf Thomas Ystrøm.

Nok ein pris til NRK Rogaland

Men dette var ikkje den einaste prisen NRK Rogaland stakk av med denne kvelden.

Episoden «Den usannsynlege norgesmesteren» i NRK-serien «Overleverne» vann prisen i kategorien «Årets reportasje».

Eirik Gjesdal, som til vanleg arbeider som fotojournalist i NRK Rogaland, er regissør for serien som NRK Rogaland og Screen Story står bak. Med seg har Gjesdal også hatt Stian Skjerping og Tommy Jørpeland.

Presseprisar 2019

Prisvinnarane på Stavanger Journalistlag sin pressefest: Eirik Gjesdal (f.v.) Anders Minge, Jørn Norstrøm og Syed Ali Shahbaz Akhtar.

Foto: Hanne Høyland / NRK

– Eg er utruleg imponert og glad over det våre journalistar i NRK Rogaland har prestert det siste året, seier ein stolt distriktsredaktør i NRK Rogaland, Ragnar Christensen.

– Ikkje berre vann me prisen for årets nyheitssak, i tillegg vann me prisen for beste reportasje. Dette seier noko om at det nyttar å bruka tid og krefter på å laga god journalistikk, held redaktøren fram.

Fotopris til Aftenbladet

Aftenbladet-fotograf Anders Minge stakk av med årets fotopris for sitt bilete «Lise» i serien «Den enestående Lise».

NRK-journalist Mathias Oppedal fekk diplom for biletet av kranbilvelten på Domkyrkjeplassen i Stavanger i september i fjor.

Kranvelt Stavanger

Biletet av kranbilvelten fekk diplom under pressefesten til Stavanger Journalistlag.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

På Stavanger Journalistlag sin årlege pressefest er det også tradisjon for å dela ut Siddisprisen. Denne gongen gjekk den til Gjert Ingebrigtsen.

– Tenk at det går an å banna i 10-15 minutt i strekk på tv, og få pris for det. Det er herleg og modig, sa Gjert Ingebrigtsen.

Siddisprisen går til ein person, gruppe eller organisasjon i Stavanger eller Sør-Rogaland som på ein særskilt måte har bidratt til å skapa ein openheit og/eller debatt.

Gjert Ingebrigtsen

Gjert Ingebrigtsen fekk Siddisprisen for 2018.

Foto: Ragnar Christensen / NRK

Flere nyheter fra Rogaland