Hopp til innhold

Toralf og resten av mannskapet har vore stranda i utlandet sidan starten av februar

UD har sett ned ei eiga gruppe som jobbar med å få meir enn 600 norske sjøfolk heim. Nokon har ikkje sett familiane sine på fire månader.

Toralf Kristoffersen

STRANDA I KARIBIA: Toralf Kristoffersen frå Karmøy er kaptein på båten Normand Frontier. Mannskapet har vore om bord på båten i 17 veker i Trinidad og Tobago. Nå får dei endeleg reisa heim.

Foto: Privat / Solstad Offshore

– Eg er svært imponert over korleis mannskapet mitt har takla denne situasjonen, skriv Toralf Kristoffersen til NRK via messenger.

Han er kaptein på båten Normand Frontier. Mannskapet mønstra på i Trinidad og Tobago i Karibia andre februar.

Småbarnsforeldre og førstegongsreisande

Dei skulle mønstra av seks veker seinare, men slik blei det ikkje. For då mannskapet skulle bytta, byrja flyplassane å stenga på grunn av koronapandemien.

Kapteinen skriv til NRK at tankane hans stort sett har vore heime på Karmøy, og på korleis det går med familien.

– Det har vore oppturar og nedturar om bord. Frustrasjonen har vore at me ikkje veit noko frå dag til dag. Likevel har me prøvd å halda velferdsaktiviteten i gang, med bingo, quiz og grilling, forklarer Kristoffersen.

Han legg til at det også er førstegongsreisande i mannskapet, og at situasjonen har vore ekstra spesiell for dei. I tillegg er det folk som har små barn heime.

17 veker etter avreise, har mannskapet endeleg fått beskjed om at eit nytt skift kan koma ut og ta over båten. Og at dei får fly eit chartra fly heim.

Byttet skjer etter planen på fredag.

UD hjelper til

Heime i Noreg jobbar ei eiga gruppe i Utanriksdepartementet kvar dag med å få norske sjøfolk heim.

– Me hjelper næringa med å få gjennomført høgst nødvendige mannskapsbytter slik at dei globale forsyningslinjene blir heldt oppe, seier pressetalsperson i UD Siri R. Svendsen.

Ifølgje seniorrådgjevar i Norske sjøoffiserersforbund, Jens Folland, er det om lag 650 norske sjøfolk ute i verda nå.

– Me veit ikkje nøyaktig kor mange av desse som er stranda, men alle har jo eit problem, sidan dei er prisgitt andre land sine styresmakter for å få treffa familiane sine, seier Folland til NRK.

Det er også småbarnsforeldre og førstegongsreisande som har vore stranda i lange tider, utan å få treffa familiane sine.

Tidlegare har leiar i Norges Rederiforbund, Harald Solberg, uttalt følgjande:

– Situasjonen har i stigande grad fått ein humanitær dimensjon for mannskap som allereie har vore mange månader til sjøs.

Ulike restriksjonar i ulike land

Utfordringa ligg i at kvart land har eigne måtar å handsama koronakrisa på.

– Mange land har innført strenge inn- og utreiserestriksjonar som har gjort det krevjande, og enkelte stader umogleg, å gjennomføra mannskapsbytter. I tillegg har mangelen på kommersielle flyruter gjort det vanskeleg for reiarlaga å frakta mannskap inn og ut av land, seier Svendsen.

Dei samarbeider tett med rederiforbundet og mellom anna Norske sjøoffiserersforbund, der Jens Folland rosar jobben UD gjer for å få heim sjøfolk.

– Dei har klart å omdirigera båtar, chartra fly og hatt dialog med styresmaktene i fleire enkeltland. Kort sagt har UD vore ei gåve til norske sjømenn i denne situasjonen, seier han.

Jens Folland

Jens Folland er seniorrådgjevar i Norske sjøoffiserersforbund.

Foto: Pressebilde / Norsk studentorganisasjon

Ei utfordring i heile verda

Mannskapsskifte på båtar er ei utfordring for heile verda etter utbrotet av koronaviruset og stenginga av flyplassar. Ifølgje Norsk rederiforbund skal om lag 150.000 sjøfolk mønstre av og på i mai.

Den internasjonale maritime organisasjonen, IMO, har også laga ein plan for å få gjennomført mannskapsskift, men det er opp til kvart enkelt land om dei vil legga denne til grunn.

– Sjølv om IMO har bede land om å letta på restriksjonane for sjøfolk, ser det ikkje ut til å ha ført fram. Reiarlaget gjer det dei kan, men det er ein enorm jobb og logistikk som skal på plass for eit mannskapsbytte, skriv ein norsk sjefsstuert, som er for tida er stranda i Asia, til NRK.

Han vil vera anonym på grunn av reiarlaget sin policy.

– Tærer på psykisk

– Det som hadde vore ønskeleg var at alle land hadde sett pris på sjøfolka og sleppt dei gjennom. Det seier seg sjølv at det tærer psykisk på folk, spesielt dei som er småbarnsforeldre, seier Gunnar Amland, som er inspektør i sjømannsforbundet.

Solstad Offshore har dei siste vekene klart å få til bytte på dei fleste båtane sine, og er nå i ferd med å fullføra dette på dei siste båtane sine.

Derfor er hovudtillitsvald frå Norsk Maskinistforbund, Ivar Vartdal, forsiktig optimist.

– Nå er snart den første bølgja der mannskapet går på grov overtid berga inn, men dei er jo erstatta med nye skift, som også skal bytta igjen, seier han.