Hopp til innhold

Sjuke sjøfolk blir ikkje teke imot i utlandet. Overlege Arne må styre behandlinga over telefon

Smitte kan raskt spreie seg på skip, men varer må fram, og sjøfolk må reise verda rundt. Den nasjonale legevakta for sjøfolk får førespurnader i hopetal.

Overlege Arne Ulven ved Radio Medico-sentralen på Haukeland.

24/7: Radio Medico har legar på vakt heile døgnet, heile veka, heile året. Arne Ulven er ein overlege med mange spennande og dramatiske historier på lager.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

Koronapandemien kan tidvis gi alle eit ønske om å helst vere langt til havs. Men viruset skaper òg utfordringar der, og det kan få fatale konsekvensar.

Nyleg oppstod ein akutt situasjon i Middelhavet, og Radio Medico – legevakta til sjøs – blei ringd opp. Vanlegvis ville dei evakuert pasienten med helikopter.

På grunn av at fleire land verken har kapasitet på sjukehus eller lyst til å ta imot pasientar som kan ha smitte, har dei møtt ein ny problematikk.

– Vanlegvis ville vi evakuert denne pasienten til Spania eller Frankrike, men det var rett og slett uaktuelt. Vi måtte prøve så godt vi kunne å gjennomføre behandlinga om bord, seier Arne Ulven, overlege hjå Radio Medico.

Den gongen gjekk det godt, og dei fekk hjelpt mannskapet om bord til å gi rett behandling. Sjølve sjukdommen Covid-19 er òg ei stor bekymring for mange sjøfolk, og ifølgje Radio Medico handlar no over halvparten av deira naudtelefonar om viruset.

– Det er veldig vanskeleg for oss å svare på om nokon har Covid-19 eller ikkje, for det er ikkje testutstyr på skipa, seier Ulven.

Maritime Covid-19 Assessment Tool, ein app for sjøfolk over heile verda.

INFO OG SKJEMA: Denne appen no utvikla for å hjelpe sjømenn med koronaproblematikk. Han er finansiert av norske Gard AS, ein stor aktør innan sjøforsikring.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

Nyutvikla app skal bidra

No har Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin (NSMDM) utvikla ein app som skal hjelpe sjøfolk over heile verda. Den skal kunne gi informasjon tilpassa den unike kvardagen om bord på skip.

– Ein veit at tilgang på medisinsk hjelp er noko heilt anna når ein er ute på Stillehavet enn når ein er heime i Noreg, det gir ein heilt annan uro, seier Jon Magnus Haga, tidlegare skipslege og noverande leiar for NSMDM.

Ifølgje Haga gir pandemien ei rekkje spesielle utfordringar til sjøfolk, som til dømes:

  • Korleis praktisere heimekarantene på eit tankskip?
  • Kva med sosial distansering på ein mindre sjark?
  • Korleis skal ein gjennomføre mannskapsbytte?
  • Kva med legesjekk når nærmaste land har innreiseforbod?

Derfor forsøker Haga og kollegaene å lette litt på kvardagen til sjøfolk. Han peiker på at samfunnet er heilt avhengige av tenestene som sjøfolk leverer. Og at heimekontor slett ikkje er eit alternativ for dei.

– Dei må på jobb i alle slags kriser og vêr for at vi skal ha smitteutstyr på sjukehusa og for at du og eg skal ha mat i kjøleskapet, seier Haga.

Odd Rune Malterud

TIDLEGARE SJØMANN: Som mange andre som jobbar for å betre rettane til sjøfolk, har Odd Rune Malterud jobba som maskinist i ei årrekkje.

Foto: Mikael Huss

«Out of sight, out of mind»

Odd Rune Malterud har vore maskinist til havs i ei årrekkje. No er han fagsjef i Det norske maskinistforbund (DMNF). Han meiner Radio Medico sitt arbeid er livsviktig, og er glad for at ein app kan gi rask og korrekt informasjon til sjøfolk.

– Dei som er om bord har i utgangspunktet ikkje denne informasjonen, seier han,

Då DMNF hadde møte med sine tillitsvalde, var det berre eitt reiarlag som hadde innført system med omsyn til smitte og helse. Ifølgje Malterud kan ofte sjøfolk bli gløymde, fordi deira arbeid er så lite synleg i samfunnet.

– I alle kriser har sjøfolk vore livsnerven til omverda, så dei er utruleg viktige, men dei blir ofte gløymt, seier Malterud.