Hopp til innhold

Offshorearbeidarar er urolege: LO ynskjer at marinen skal stille opp

Droneaktivitet og gasslekkasjen i Østersjøen gjer at fleire oljeselskap aukar beredskapen. LO meiner ein må gjere meir for å trygge dei som jobbar på plattformene.

Henrik Solvorn Fjeldsbø

Leiaren i LO sitt helikopterutval meiner ein bør vurdere om Kystvakta eller marinen skal vere synleg til stades i Nordsjøen.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– No er det på tide at dei faktisk får på plass tiltak, seier Henrik Solvorn Fjeldsbø.

Han er leiar i LO sitt helikopterutval og forbundssekretær i fagforeininga Industri og energi.

– Vi meiner heilt klart at vi er nøydde til å ha eit større nærvær ute, so det bør absolutt bli vurdert om Kystvakta eller marinefartøy bør vere ute for å førebygge uønskte dronehendingar og eventuelt gripe inn om det er noko, seier Fjeldsbø.

– Tykkjer du at dei er for lite til stades, slik situasjonen er i dag?

– Med ein krig i Europa og hendinga i Østersjøen er det på tide å stille spørsmål om ein ikkje skal ha større nærvær, ja, svarar han.

– Men kan ikkje det føre til meir frykt hjå dei som jobbar ute på norsk sokkel?

– Eg trur det vil føre til meir frykt om vi ikkje gjer noko og syner at vi er synleg til stades som nasjon. Folk seier dei føler frykt der ute allereie og er uroa for situasjonen. Då er det på sin plass at vi styrkar beredskapen no.

Helikopterbase på Stavanger Lufthavn fotografert gjennom nettinggjerdet.

Fleire titals helikopter lettar frå Sola lufthamn kvar veke med offshorearbeidarar som skal til og frå jobb i Nordsjøen.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Folk lurer på kva som skjer

– Eg trur dei fleste er klar over at det kan skje noko, slik som situasjonen er no, seier Roger Hem.

Han har nett landa på Sola lufthamn etter å ha jobba på Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen og fortel om ein spent situasjon ute på plattformene.

– Men ein kan liksom ikkje gå og tenkje på det, for det er jo arbeidsplassen min. Men det er klart det vert prata om det, seier Hem.

Roger Hem kom nettopp tilbake fra Norsjøen

Roger Hem var på jobb på Johan Sverdrup-feltet då myndigheitene meldte at beredskapen vart heva.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Oljeselskap har auka beredskapen. Fleire nordsjøarbeidarar er uroa for tryggleiken både ute i havet og på land etter lekkasjen i Østersjøen som fleire er overtydd om at er sabotasje.

Det fortel nestleiar i Safe i Equinor, Raymond Midtgård, til NRK. Medlemmer har teke kontakt med han etter nyheita om at gassleidninga Nord Stream utanfor Danmark er skadd.

Arbeidarane har blitt bedne om å melde ifrå om dei ser noko uvanleg ute på sokkelen eller på anlegga på land.

– Om dette vert standarden, at ein angrip gassleidningar, so er jo Noreg veldig høgt oppe på lista i Europa, seier Odd Einar Olsen, professor emeritus i samfunnstryggleik ved Universitetet i Stavanger.

Les også Nato-sjef seier lekkasjane er sabotasjehandlingar

Den 1222 kilometer lange gassleidninga Nord Stream går frå Vyborg i Russland til Greifswald i Tyskland.

Klokka 2.03 natt til måndag skjer ein eksplosjon utanfor Bornholm, og det tek til å lekke store mengder gass frå leidninga.

Klokka 19.04 skjer det same omtrent 100 kilometer nordaust for det første smellet.

Rørslene blei fanga opp av målestasjonane til Danmark sine geologiske undersøkingar. Ifølge ein seismolog ved universitetet i Uppsala svarar den eine eksplosjonen til 100 kilo dynamitt.

«Skjerpa beredskap»

Regjeringa har sett i gang tiltak for å «skjerpe beredskapen knytt til infrastruktur, landanlegg og installasjonar på norsk sokkel», som Olje- og energiminister Terje Aasland sa til NRK tysdag kveld.

Men kva «skjerpa beredskap» faktisk betyr, vil ingen svare på.

NRK har snakka med Equinor, Petroleumstilsynet, Offshore Noreg og Politiet. Ingen av dei vil svare på kva tiltak ein faktisk innfører for å skjerpe beredskapen.

Olje- og energidepartementet vil heller ikkje svare NRK på kva skjerpa beredskap konkret betyr. Dei syner til Politidirektoratet, som seier dei er i tett dialog med PST.

– Folk tek kontakt og lurer på kva som skjer. Me er generelt uroa for droneaktivitet og det me ser i Østersjøen. Så seier styresmaktene at tryggleiken skal skjerpast, så me lurer på kva som skjer og kva det betyr, seier Bjørn Asle Teige.

Han er konserntillitsvald i Equinor for Safe, som organiserer tilsette i petroleumsnæringa.

Roger Hem var på jobb då myndigheitene meldte at beredskapen vart heva.

– Merka du noko til den høgna beredskapen?

– Nei, men det var mykje prat om det. No framover reknar eg med at det kjem til å bli noko meir, seier han.

Les også – Norsk gass sannsynlegvis det største sabotasjemålet i heile Europa akkurat no

Geir Hågen Karlsen i NRK Debatten 27. sept. 2022

Sondre Kvendbø, som onsdag er på veg til Ivar Aasen-plattforma, seier han prøver å ikkje tenkje for mykje på det som føregår.

– Eg tenkjer jo litt på dei dronane som har vore på norsk side, då. No er jo Nord Stream eit kapittel for seg sjølv, men dei dronane vi ikkje har fått svar på kven er og kva vil, det tenkjer eg jo på og har i bakhovudet, seier han.

Forskarar ved Forsvarets høgskule meiner norske gassinstallasjonar er det største og viktigaste målet for sabotasjar nett no.

Nordsjøarbeider

Sondre Kvendbø, som er på veg ut i Nordsjøen, tenkjer på det som føregår. Han er likevel ikkje veldig uroa.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Etterforskar droneobservasjonar

Det har blitt observert fleire ukjende dronar kring olje- og gassplattformer i Nordsjøen dei siste månadane.

– Det skal mykje til for å klare å skade plattformer og den type ting. Men desse dronane tyder jo på at nokon er interesserte i å ha nærbilete av strukturen, seier Olsen.

Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen

Hem jobbar på Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen, der har droneobservasjonane blitt mykje diskutert hos dei tilsette.

Foto: Ints Kalnins

Roger Hem seier dronane har blitt mykje diskutert den siste tida.

– Har du observert noko?

– Førre tur eg var ute var det dronar der. Eg fekk ikkje sett dei, men høyrde frå fleire at dei hadde sett dei. Det har jo skjedd fleire plassar. Når det er so spent som det er, byrjar ein jo å lure, seier Hem.

Politiet etterforskar no desse sakene. Meir enn at det er oppretta sak, vil dei ikkje sei.

– Vi ber om forståing for at vi ikkje kan gå i detaljar kring hendingane, utover at desse observasjonane er gjort over fleire månadar, skriv seniorrådgjevar Linda Merethe Lie Leifsen i Sør-Vest-politidistrikt til NRK.

Les også Uidentifiserte droner i Nordsjøen: – Vær på vakt

Statoils Gina Krog-plattform