Hopp til innhold

Skjerpar beredskapen på norsk sokkel etter gasslekkasje

Olje- og energiminister Aasland skjerpar beredskapen på norsk sokkel etter gasslekkasjen i Østersjøen. Statsministeren seier at mykje tyder på at lekkasjen er ein sabotasje.

Jonas Gahr Støre

MOGLEG SABOTASJE: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier det er nærliggande å tru at gasslekkasjen i Østersjøen er sabotasje.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) skjerpar beredskapen på norsk sokkel etter gasslekkasjane på Nord Stream 1 og 2 i Østersjøen måndag.

Regjeringa, politiet, Forsvaret og operatørane på norsk sokkel har i dag vore i tett kontakt, fortel Aasland i ein e-post til NRK.

– På bakgrunn av dette har regjeringa slutta å setta i verk tiltak for å skjerpa beredskapen knytt til infrastruktur, landanlegg og installasjonar på norsk sokkel. Noko av bakgrunnen er rapportar om auka droneaktivitet, seier Aasland.

Vidare seier han at dei held på å kartlegga situasjonen.

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) på Stortinget

Olje- og energiminister Terje Aasland fortel at regjeringa har slutta å setta i verk tiltak for å skjerpa beredskapen på norsk sokkel.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– På generelt grunnlag vil eg seia at det er stor merksemd rundt sikker drift på norsk sokkel, seier Aasland.

Situasjonen i Østersjøen blir også følgt, fortel ministeren som måtte avbryta Polen-besøket sitt i dag på grunn av situasjonen.

Aasland sa tidlegare tysdag at det ikkje er noko som tyder på at det kan koma eit angrep mot norsk sokkel, fordi sikkerheita er veldig høg.

Kommunikasjonsleiar i Offshore, Kolbjørn Andreassen, fortel at både dei og medlemselskapa følg situasjonen nøye og er i kontakt med myndigheitene om situasjonen.

– Av naturlege årsaker kan eg ikkje kommentera eventuelle eller kva tiltak som er knytt til sikkerheit og beredskap på norsk sokkel, seier Andreassen til NRK.

Støre: Nærliggande å tru at det er sabotasje

Polen og fleire andre land har uttrykka bekymring for at skadane på gassledinga i Østersjøen er resultat av sabotasje.

Statsminister Jonas meiner det er sannsynleg.

– Når me har sett bilde frå lekkasjane og det er registrert eksplosjonar på havbotn så er det jo nærliggande å tru, seier Støre til NRK.

Støre seier han baserer seg på at dei som har greie på gassleidningane trur skadane må vera eit resultat av ei villa handling.

– Derfor kan du kalla det ein sabotasje, seier Støre

Les også Reagerer på sein skjerping etter gasslekkasjen

Guri Melby, Venstre

Støre vil ikkje peike ut kven som kan stå bak ein eventuell sabotasje.

– Men me er jo i ein situasjon kor gass er eit omstridt tema i konflikten mellom Russland og Europa, seier Støre.

Han seier at regjeringa vil halda Stortinget orientert om situasjonen.

Kan det vera aktuelt å setta inn forsvaret for å beskytta norske oljeinnstallasjoner?

– Norsk sokkel er stor, det er mange innstallasjoner, det er mange røyrleidningar, mykje å følga med på. Selskapa som opererer der har eit ansvar og eit nært samarbeid med politiet og norske myndigheiter. I dag har me forsikra oss om at politiet følger ekstra nøye med også i samarbeid med forsvaret, svarer Støre.

Det danske forsvaret har sluppet dette bildet av gasslekkasjen ved Nord Stream 2 tatt fra et F-16 fly som er stasjonert på Bornholm

Det danske forsvaret har sloppe dette bilde av gasslekkasjen ved Nord Stream 2 tatt frå eit F-16 fly som er stasjonert på Bornholm.

Foto: Det danske forsvaret

Følg med som vanleg

Talsperson i Forsvarets operative hovudkvarter Thomas Gjesdal, fortel at beredskapen og sikkerheita på norsk sokkel er politiet sitt ansvar, men at forsvaret kan hjelpa politiet dersom det kjem ei bistandsanmodning.

– Vår viktigaste oppgåve er å koordinera dagleg operasjonar og internasjonale operasjonar i ein fellesoperativ kontekst. Det betyr kort fortalt at me følg godt med på all aktivitet i våre nærområde, seier Gjesdal til NRK.

Før beskjeden frå olje- og energiministeren fortalde Gjesdal at beredskapen i forsvaret var som normalt.

– Me har jamn aktivitet langs heile kysten både i lufta og til sjøs, me har aktivitetar på land og me følger godt med på kva som skjer i våre nærområde, seier Gjesdal.

I Møre og Romsdal ligg to gassanlegg, eit på Tjeldbergodden i Aure og eit på Nyhamna i Aukra.

Fungerande politimeister i Møre og Romsdal, Ingmar Farstad, seier at sikkerheita ved gassanlegga er tatt i vare på vanleg måte.

– Det er i dag ikkje sett i verk særskilde tiltak frå politiet si side, men me vil sjølvsagt følgja dei føringane som kjem frå nasjonalt hald, seier Farstad til NRK.

AKTUELT NÅ