Hopp til innhold

Nekta taxi 3-4 gonger då ho skulle frå flyplassen

Blinde Vibeke Kaarstad frå Stavanger opplever stadig å bli nekta å ta med førarhunden sin når ho tar drosje. Ifølge ho er problemet aukande.

Vibeke Kaarstad

Vibeke Kaarstad vurderer om ho må kutta ut førarhunden etter at ho gong på gong blir nekta å ta med hundane av drosjesjåførar.

Foto: Magnus Stokka

– Det er mykje verre nokon gong. Sidan i sommar har eg blitt nekta drosje ganske mykje, sjølv om eg legg inn i bestillinga at eg har med førarhund, seier Kaarstad, nestleiar i Blindeforbundet i Rogaland.

Det toppa seg på Stavanger lufthamn Sola førre søndag då ho blei nekta å ta med førarhunden sin av tre-fire forskjellige drosjesjåførar.

– Det er trist, eg vurderer om eg må kutta ut heile førarhunden. Det blir jo eit kjempestort problem, seier Kaarstad.

Sende brev i fjor

48-åringen har vore blind store delar av sitt vaksne liv. Det gjer ho heilt avhengig av førarhund i det daglege.

I fjor sende Blindeforbundet i Rogaland brev til blant andre samferdslesjefen og taxinæringa, der dei bad om at haldningane blei endra.

Og sjølv om taxinæringa då lova å ta grep, har det altså ifølge Blindeforbundet blitt verre.

Drosjesjåfør reagerer

Drosjesjåfør Ethel Lygren stadfestar historia på flyplassen. Det var ho som plukka Kaarstad opp etter at dei utanlandske sjåførane fremst i drosjekøen ikkje ville ta ho med på grunn av hunden.

– Eg synst dette er frykteleg. Hundane er verktøyet deira, og me har fått beskjed om at me ikkje har lov å nekta verken blinde eller politi med tenestehund.

Trur ikkje sjåførane er allergiske

Kaarstad får forklart frå sjåførane som nektar henne skyss, at dei er allergiske mot hundar. Det trur ho ikkje på.

– Dei som nektar å ta meg med, meiner hundar er skitne, det føler du på deg. Sjåførane trekker seg også veldig langt vekk frå meg. Dersom eg er så heldig å få bli med, må eg sjølv finna bakdøra og få hunden inn.

Ifølge Kaarstad er det berre utanlandske sjåførar som nektar å ta med hund. Ho har ikkje opplevd det same med norske sjåførar.

Lovar ny runde med drosjeeigarane

Svein Svimbil

Dagleg leiar i Stavanger Taxi, Svein Svimbil, lovar å ta ein ny runde med drosjeeigarane etter tilbakemeldingane frå Blindeforbundet.

Foto: Magnus Stokka

Dagleg leiar i Stavanger Taxi, Svein Svimbil, synst det er trist at blinde ikkje får tatt drosje. Han fortel at dei har brukt mykje tid, både gjennom omdømmekurs og sjåføropplæring, på å formidla at førarhundar skal med.

Han har ikkje høyrt frå sine sjåførar at det er problematisk å ta med førarhundar i bilane.

– Eg har spurt muslimske leiarar om dette har noko med religionen deira å gjera. Då har dei svart nei.

Allergi-argumentet kjøper han heller ikkje.

– Viss dei ikkje toler å ta med ein førarhund i bilen, har dei ikkje rett til å køyra drosje. Det er ikkje haldbart. Det har også samferdslestyresmaktene uttalt.

Svimbil lovar nå å gi ei ny påminning til drosjeeigarane sine om kva reglar som gjeld.