NRK Meny
Normal

Blinde får ikkje ta med førarhund i drosjen

Blinde og synshemma i Rogaland opplever at ventetida for drosje blir lenger og at sjåførar ikkje ønsker førarhundar i bilane. Vibeke Kaarstad (47) frå Stavanger og førarhunden har blitt nekta drosjetur fleire gonger.

Vibeke Kaarstad

Vibeke Kaarstad (47) har sendt to klagebrev til Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) etter at ho har blitt nekta drosjetur med førarhund i Stavanger.

Foto: Magnus Stokka

– For meg er hunden veldig viktig. Det er lettare å gå med hund enn kvit stokk, seier Vibeke Kaarstad.

Vibeke er 47 år gammal og har vore blind store delar av sitt vaksne liv. Det gjer ho heilt avhengig av førarhund i det daglege.

Hunden må også med når Vibeke skal ta drosje. Men det er ikkje alltid sjåførane vil ha med 47-åringen sin viktige hjelpar.

– Du har sjåførar som nektar å ta med førarhund, sjølv om eg har gitt beskjed om behovet mitt til drosjesentralen.

– Kva tenker du om det?

– Eg synst det er veldig dumt. Det hindrar oss synshemma å vera sjølvstendige og fungera i samfunnet. Det er mange som føretrekker kvit stokk, men når du blir vane med førarhund føretrekker du det, seier 47-åringen.

Ho har to gonger sendt klagebrev til Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO).

Har sendt klagebrev

Svein Svimbil

Dagleg leiar i Stavanger Taxi, Svein Svimbil.

Foto: Magnus Stokka

Men Vibeke er ikkje åleine om å bli nekta å ta med hund i drosjane. Synshemma i Rogaland opplever oftare at ventetida på drosje blir lenger, og at sjåførar ikkje ønsker å ta med hund i bilen, ifølge Norges Blindeforbund Rogaland.

I eit brev til blant andre samferdslesjefen og taxinæringa ber forbundet om at dette blir tatt på alvor og at haldningane blir endra. Dagleg leiar i Stavanger Taxi, Svein Svimbil, lovar å ta grep.

– Me tar dette på alvor. Me har omdømmekurs med fleire hundre sjåførar der det blir opplyst at det ikkje er akseptabelt å nekta førarhund i drosjen. I tillegg håpar eg dei som opplever dette om å kontakta oss, seier Svimbil.

Tydeleg lovverk

I dag finst det ei merkeordning for kundar med førar- og servicehund hos drosjesentralane. Også lovverket er heilt tydeleg i denne saka, ifølge Svimbil.

– Det er ingen som kan reservera seg mot å køyra førarhundar. Det ligg i yrket å vera drosjesjåfør å ønska kundane velkomne.

På Ullandhaug håpar Vibeke å få med seg hunden neste gong ho bestiller drosje, og at drosjenæringa held det dei lovar.

– Eg håpar det blir klare linjer. At dersom du som sjåfør nektar å ta med ein servicehund, kan du ikkje lenger køyra drosje.