Hopp til innhold

Nei til tunnel under Tjensvollkrysset

Statens vegvesen vil ikkje ha eigen bussveg-tunnel under Tjensvollkrysset. Hovudgrunnen er at krysset ligg oppå ei gamal søppelfylling.

Tjensvollkrysset

For seks år sidan blei det nye Tjensvollkrysset opna. Etter dette har Stavanger-politikarane bedt Vegvesenet om å vurdera tunnel under krysset i samanheng med den nye bussvegen.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Ein tunnel vil kosta mykje fordi Tjensvollkrysset ligg oppå ei gamal søppelfylling. Det er dyrt å bygge tunnel med slike grunnforhold, opplyser prosjektleiar i Vegvesenet, Richard Wigestrand, i ei pressemelding.

Det er i samanheng med den nye bussvegen i Stavanger at politikarane har bede Vegvesenet om å ta stilling til tunnel under Tjensvollkrysset, som for berre seks år sidan fekk ei totalrenovering.

Trafikken blir redusert etter Ryfast

I dag kjem Vegvesenet med klart svar. Konklusjonen deira er at ein tunnel vil kosta for mykje og gi ein heilt uakseptabel trafikksituasjon under bygginga.

– Me ville også måtta stenga krysset for all trafikk i eitt år, noko som har for store ulemper til at me kan tilråda tunnel, opplyser Wigestrand.

Ifølgje Vegvesenet sine tal er det også venta at trafikken i Tjensvollkrysset vil bli redusert med 30 prosent når Eiganestunnelen opnar i 2019.

Vegvesenet opplyser også at dei meiner at bussvegtraséen bør liggja midt i vegen, og ikkje ute til sidene, når dei nå i gang arbeidet med reguleringsplan for 11 kilometer bussveg mellom Sune og Hillevåg.

Bussvegarbeidet

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg