Hopp til innhold

Nei til høgare bustadblokker

Bydelsutvalet i Storhaug bydel i Stavanger, sa eit rungande nei til ein ny plan om å byggje høgare bustadblokker i Lervig-området.

Lervig-området som kan få høge bustadblokker

Det er på høgre sida i dette området i Lervig, at det er planar om åtte etasjar høge bustadblokker

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Dei leiande politikarane i Stavanger har vedtatt at det skal byggjast tettare og høgare i byen for å få plass til fleire leilegheiter.

Tysdag kveld gjorde eit samrøystes bydelsutval i Storhaug bydel sitt beste for å bremsa dei planane. Utvalet sa nei til den nye planen om å byggje 8 etasjars bustadblokker langs sjøen i Lervig, i staden for fem etasjar høge blokker, slik den opphavlege reguleringsplanen la opp til.

Bydelsutvalget i Storhaug bydel i Stavanger

Bydelsutvalet i Storhaug bydel i Stavanger

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Åtte etasjar høge blokker blir for forrykande tett ned mot det som skal bli ei lita bukt i området. Det seier utvalsleiar Geir Ronaldsen frå partiet Høgre.

Må ha skikkeleg vegløysing

Politikarane i utvalet var også overraska over at dei nye utbyggingsplanane med høgare bustadblokker, kunne godkjennast på sommarfullmakt frå administrasjonen i Stavanger.

– Spesielt når det vert lagt opp til 150 % utnytting av utbyggingsområdet. Det må vera noko av den tettaste bustadbygginga som nokon gong er gjennomført i heile Stavanger, meinte Jostein Solvang frå Pensjonistpartiet.

Bebuarane reagerer

Engasjerte beboere i Lervig-området i Stavanger

Hilde Solsvik er ein av dei engasjerte bebuarane i Lervig-området i Stavanger

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Det verkar som både utbyggjar og administrasjonen i kommunen først og fremst tenkjer på bustadutbygginga. Medan skular, barnehagar og ikkje minst trafikksituasjonen, er noko dei skal koma tilbake til ein annan gong.

Denne meininga serverte Hilde Solsvik til bydelsutvalet. Ho bur i området og har engasjert seg i kampen mot planen om åtte etasjars bustadblokker og at det skal koma 500 nye leilegheiter inn i eit område som alt er svært tett bygd ut.

Ennå ein lang veg å gå

Nå blir det i første omgang Utval for byutvikling, som skal behandle den nye utbyggingsplanen i Lervig. Til sist er det Bystyret i Stavanger som skal ta den endelege avgjerda.