Hopp til innhold

Naturvernarane vil lukke laksen inne

Det hastar med å få bukt med miljøproblema frå oppdrettsnæringa, meiner Naturvernforbundet. Difor krev dei at norsk lakseoppdrett må flyttast til lukka anlegg.

Lukket oppdrettsanlegg i Skånevik

Lukka anlegg som her i Skånevik er både bra for miljøet og økonomisk lønsamt, meiner Naturvernforbundet.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

– Skal norsk oppdrettsnæring ha ei framtid og retta opp att tilliten hjå forbrukarane, må miljøproblema løysast, seier Håkon Fossmark, dagleg leiar i Naturvernforbundet i Rogaland.

Etter forslag frå hans fylke, vedtok landsmøtet i Naturvernforbundet i helga at oppdrettsnæringa må fekk frå dei opne merdane og over i lukka anlegg.

Håkon Fossmark

Håkon Fossmark er dagleg leiar i Naturvernforbundet i Rogaland.

– Vi krev at alle nye prosjekt må vera i lukka anlegg, og at eksisterande anlegg gradvis blir flytta over, seier Fossmark.

– Trugar livet i fjordane

Han meiner at ukontrollert vekst i næringa har ført til at lakselus, rømming, kjemikaliebruk og forureining av havbotn nå er blitt eit stort trugsmål mot villaksen og resten av livet i fjordane.

– I lukka anlegg vil korkje lakselus eller rømming vera noko problem. Dessutan samlar ein her opp avfall frå fisken og leverer det til spesialhandsaming, seier Fossmark.

– Vellukka forsøk

Naturvernforbundet meiner ein har gode røynsler frå forsøk med lukka anlegg, til dømes i Etne i Hordaland, der Aquafarm og Marine Harvest har stått bak forsøket.

– Dette er dessutan god økonomi sidan ein ikkje treng bruka mykje pengar på å bli kvitt lakselusa., og også får utnytta foret betre, seier Håkon Fossmark i Naturvernforbundet i Rogaland.

oppdrettsanlegg

Miljøproblema dei opne anlegga fører med seg, er blitt eit stort trugsmål mot villaksen og resten av livet i fjordane, meiner Naturvernforbundet.

Foto: Marita Andersen / NRK

Flere nyheter fra Rogaland