Hopp til innhold

Nå forsvinn dei første Ica-butikkane

43 av Ica sine butikkar rundt om i landet skal innan tysdag vera omgjort til Bunnpris. Dermed er Coop si overtaking av Ica Norge, eitt steg nærmare gjennomført.

Bunnpris tar over ICA og Rimi-butikkar

Ica på Tjensvoll i Stavanger har tysdag blitt om til Bunnpris.

Foto: Eirin Larsen / NRK

Ei av føresetnadene frå Konkurransetilsynet då Coop skulle kjøpte Ica var at 93 av dei 550 butikkane skulle seljast til andre aktørar på daglegvaremarknaden, for å trygga konkurranse.

43 av desse var det Bunnpris som kjøpte, og innan tysdag står dei klare i ny drakt.

– For at omprofileringa skal kunne skje i løpet av berre to døgn, er det rekvirert 42 målarar, 56 dataprogrammerarar, 20 skiltmakarar og 28 butikksjefar, seier ein spent kjededirektør, Tonny Thers.

Sel unna ICA sine merkevarer

Ica sine merkevarer må vekk når butikken skal bli om til Bunnpris.

Foto: Eirin Larsen / NRK

Resten på vent

Dei resterande 50 butikkane er det Norgesgruppen som har kjøpt, desse står framleis som Ica, Rimi eller Matkroken, men snart skal desse også bli nye.

– Så langt er ingen omgjort og det er for tidleg å sei når me startar denne prosessen, men me har ikkje eit mål om å bruka lang tid. Nokre butikkar er rett rundt hjørnet, medan det vil ta litt lengre tid med andre, seier kommunikasjonsdirektør Kine Søyland i Norgesgruppen.

Når det kjem til Coop sine Ica-butikkar blir mest truleg Rimi-butikkane omprofilerast til anten Coop Extra eller Coop Prix, medan Ica-butikkane vil bli gjort om til Coop Mega eller Coop Extra. Matvarekroken blir truleg ikkje endra.

Ifølgje Dagbladet vil namnebytta kosta om lag 1 milliard kroner for Coop.