Hopp til innhold

Nå er Solasplitten open

Her kan du «prøvekjøre» hele strekningen fra Sola til E39 på Forus.

Opning av Solasplitten

OPNING: Statssekretær Geir Pollestad står for sjølve klippinga i dag.

Foto: Frank Bremnes / NRK

Litt over to år etter det første spadestikket har den nye vegen ut til Stavanger lufthamn Sola opna. Prislappen på Solasplitten er 620 millionar kroner.

Ordførar Ole Ueland, regionvegsjef Helge Eidsnes og statssekretær Geir Pollestad er alle til stades på den store dagen for Solasplitten.

Endeleg er det opning for vegen som blir eit betre samband mellom E39 og Stavanger lufthamn Sola. Solasplitten vil avlasta dagens Riksveg 510.

Kjør Solasplitten fra start til mål

Solasplitten

Vegen vil også knyta Sola og Forus betre saman.

– Dette er eit vegprosjekt me har hatt på plakaten veldig lenge, derfor er me svært glade for at vegen nå er opna, seier ordførar i Sola, Ole Ueland.

NRK Rogaland kjem tilbake med meir om opninga ...

Første bilist på Solasplitten

Mange ville ha ein bete av den første bilisten som køyrde Solasplitten.

Foto: Frank Bremnes / NRK

Les òg:

NRK køyrde Solasplitten under bygginga:

Bli med da NRK kjørte den uåpnede Solasplitten.

►ARKIVVIDEO: Slik var det å køyra gjennom Sola-splitten, då den framleis ikkje var open, 11.06.2012.