Hopp til innhold

Bomma med over ein milliard

Vegprosjekta i bompengeringen på Nord-Jæren har kosta over ein milliard kroner meir enn kva som blei lova, då den blei vedtatt for 12 år sidan

Arbeidet i gang med Solasplitten

Arbeidet i gang med Solasplitten

Foto: Ingvald Nordmark / Nrk

Korrigert for prisauken, skulle dei seks vegprosjekta ha kosta 703 millionar kroner. Men sluttrekninga kjem til å koma på minst 1 milliard og 816 millionar kroner. Det betyr meir enn 2.5 gonger høgare pris, enn det som låg til grunn

  • Sjå totaloversikt nedst i artikkelen

Tar sjølkritikk

Odd Arild Kvaløy

Odd Arild Kvaløy (Sp), tidlegare fylkesordførar og nåverande leiar for Samferdselsutvalet i Rogaland fylkeskommune

Tidlegare fylkesordførar og arkitekt bak bomringen, Odd Arild Kvaløy frå Senterpartiet, tar nå sjølkritikk og seier at planarbeidet burde vore kontrollert betre.

- Me hadde ikkje eit godt nok beslutningsgrunnlag då me behandla dette i 1997, og me må bli betre på det, seier Kvaløy i dag.

Store overskridingar

NRK Rogaland har tatt utgangspunkt i kva seks vegprosjekt i bompenge-prosjektet på nord-jæren skulle kosta, då det blei vedtatt i Fylkestinget i 1997 og seinare i Stortinget i 1998. Deretter ha me sett på kva som blei den endelege rekninga. Alle tal er korrigerte for prisstigning i perioden.

Solasplitten toppar overskridingslista, sjølv om den ennå ikkje er ferdig. Men i 1998 skulle den kosta 90 millionar. Nå er prislappen 512 millionar kroner.

På andre plass kjem omkjøringsvegen på Klepp langs fylkesveg 44. 77 millionar var planen, 297 millionar blei fasit.

Rundkjøring fv. 44 i Klepp

Rundkjøring fv. 44 i Klepp

Foto: Ingvald Nordmark / Nrk

Tredjeplass har strekninga Stangeland-Skjæveland, også den på fv. 44. Planen var å bruke 155 millionar kroner. Sluttrekninga kom på 552 millionar.

- Det er gode forklaringar på nokre av overskridingane, men i andre tilfelle var det tatt for lite i, i utgangspunktet, seier Odd Arild Kvaløy.

Jærenpakke 2

Det er ein Jærenpakke 2, som står klar til å ta over, når den nåverande "Bomringen på Nord-Jæren" blir avslutta om nokre år. Den har eit budsjett på 20 milliardar kroner totalt og skal etter planen starte ein gong i 2013-15.

- Kan me stola på at den er betre planlagt, slik at ikkje resultatet blir 2.5 gonger dyrare her også, Odd Arild Kvaløy?

- Deler av den er bygging av veg som me er blitt betre til å rekna ut kostnaden på, seier Kvaløy.

- Men dei seks milliardane som bybanen skal kosta, det er usikre berekningar, meiner Kvaløy.

Prisutviklinga

Samanlikning budsjett