Hopp til innhold

Nå er det mogleg å passera

Ei veke etter steinraset i Sirdal blir vegen i dag periodevis opna for trafikk.

Det er smalt og fremdeles gjenstår mye opprydning, men veien er nå delvis åpnet i Sirdal.

Det er smalt, og det gjenstår mye opprydning, men veien er åpen igjen etter raset.

Statens vegvesen opplyser i ei pressemelding om at fylkesveg 975 i Sirdal blir opna for redusert trafikk i dag mellom klokka 15 og 17.

Vegen har vore stengt sidan det massive raset gjekk onsdag kveld. Raset var om lag 50 meter breitt og har heldt vegen stengt mellom Fidjeland og Suleskard i Sirdal sidan.

Manuell dirigering

Torsdag og fredag vil det bli manuell dirigering forbi rasstaden mellom 07 og 08 om morgonen og 16 og 17 om ettermiddagen. I helga blir det fri ferdsel med redusert framkome.

Neste veke blir det manuell dirigering forbi rasstaden kvar heile time mellom klokka 07.00 og 18.00, mellom 18.00 og 07.00 neste dag er det fri ferdsel.

– Me gjer det slik for å få gjort ferdig tryggingsarbeidet på staden, seier seksjonssjef, Inger Ann Fidjestøl, i Statens vegvesen Vest-Agder.

Dei har laga ein mellombels omkøyringsveg. Dette er ein grusveg som går mellom kanten av skredet og Ortevatnet.

Vurderer ny veg utanfor raset

– Omkøyringsvegen er ikkje ferdig sikra, derfor kan me ikkje ha den open etter mørkets frambrot i byrjinga. Omkøyringsvegen blir først opna fredag klokka 16.00, seier Fidjestøl.

Ho kan ikkje sei noko meir om kva som vil skje vidare på rasstaden.

– Me må rassikra høgare opp i fjellet. I tillegg må me vurdera om raset skal fjernast eller om den nye vegen skal gå rundt raset. Dette er noko som vil ta tid, avsluttar ho.

Her gjekk raset

Ras ved Ortevatnet i Sirdal