– Det er bra at det er meir openheit og at det ikkje skal så mykje til for å søke hjelp, seier Lisa Horpen.
Ho studerer sosialt arbeid ved Høgskulen på Vestlandet.
Over heile landet aukar talet på studentar som tar kontakt for å få hjelp med psykiske plagar og lidingar.
Medstudent Noah Berhane trur einsemd er ein av grunnane.
– Når du kjem til eit nytt miljø, kan det vere litt vanskeleg å tilpasse seg.
Noah Berhane og Lisa Horpen er studentar i Sogndal.
Foto: Sondre Dalaker / NRK
Maks to veker ventetid
Men på studiestaden i Sogndal er vegen til hjelp kort når livet buttar litt imot.
Der er ventetida under ei veke for ein lågterskelprat med studentrådgjevaren.
På det travlaste er ventetida to veker.
Studentrådgjevar Anne Marthe Kvale ved Studentsamskipnaden på Vestlandet – Saman, meiner den korte ventetida er viktig for at tilboda blir brukte.
Studentane kjem til henne med problem som gjer livet litt vanskeleg på ein eller annan måte. Det kan vere søvnvanskar, stress, einsemd, kjærleikssorg, depresjon og angst.
Då kan det vere fint å prate med ein vaksenperson, utan at det betyr at studenten nødvendigvis er sjuk, meiner Kvale.
– Å ha ein «objektiv» sparrepartnar i livet trur eg kan vere bra. Kanskje spesielt for unge dersom vennane deira ikkje heilt forstår, eller synest det er vanskeleg å gi gode råd, seier Kvale.
Høgskulen på Vestlandet i Sogndal
Foto: Geir Bjarte HjetlandAuke i psykiske plagar
Ved Studentsamskipnaden i Trondheim (SiT) har talet på studentar som ber om psykisk helsehjelp dobla seg sidan 2018.
Mange tar kontakt på grunn av psykiske lidingar, men det er også ein stor auke i studentar som kjem på grunn av psykiske plager.
Psykiske plager er normale reaksjonar på belastningar i livet, som å flytte heimanfrå for første gang, bygge opp eit nettverk på nytt, og høge forventningar knytt til prestasjonar på studiet.
– Det er heilt normalt å ha det slik. Alle studentar har nok denne opplevinga, seier Kristin Wall, leiar av psykisk helseteneste ved SiT.
Trass auka pågang, har ventetida der gått ned frå seks månadar til tre veker.
Wall fortel at samskipnaden mellom anna har blitt flinkare til å vise studentane vidare til andre tilbod når det ikkje er behov for behandling, slik som studentrådgjevingstenesta og meistringskurs.
Her er det omtrent inga ventetid.
Hos Studentsamskipnaden i Bergen (Sammen) er ventetida omtrent éin dag for ein digital samtale. For å få eit fysisk møte om psykisk helsehjelp er ventetida tre til fire veker.
Sidan semesterstart 15. august har over 800 studentar bede om hjelp hos Studentsamskipnaden i Oslo.
Leiar Oline Sæther i Norsk Studentorganisasjon (NSO) meiner det er viktig å ha gode lågterskeltilbod.
– Då kan vi få hjelp raskt, komme oss tilbake til studiekvardagen og sleppe å bli alvorleg sjuke.
Musikk, basket og vennar
Studentane i Sogndal har i alle fall funne sine måtar å takle kvardagen når livet buttar litt i mot.
– Viss noko er stressande, prøver eg å ikkje fokusere på det. Eg fokuserer heller på ting eg liker å gjere – som å høyre på musikk og å spele basket, seier Berhane.
Musikk, basket og vennar er blant det Lisa Horpen og Noah Berhane tyr til om livet er litt tøft.
Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRKHorpen fortel at ho pleier snakke med vennar og familie, høyre på musikk, gå ein tur eller trene når livet er litt tøft.
– Eg tenker det er veldig viktig med openheit og at det ikkje er noko gale i å søke hjelp.